Januar 2009    
     
 

Kvitehytto - Voss kommunestyre vedtok ein reguleringsplan for Rasdalen 27. januar 1983. Dalen vart då regulert til hyttebygging. Talet på hytter vart sett til 52, men seinare er planen revidert og omfattar no 54 tomter. 35 hytter er bygde til no (1990). Av desse er 21 i Nedre Rasdalen. 

Det var i Nedre Rasdalen dei fyrste hyttene vart bygde. Anders Rasdal, kjøpmann i Bergen og bror til Nils på Br.nr. 1, fekk ein gamal stall på garden og sette han opp i utkanten av bøen i 1910. 

Anders hadde med seg vener i Rasdalen. Dei budde på gardane, men bygde seg etterkvart hytter. Madsen bygde si i 1915, Sørensen i 1923 ( det er no tredje (w.m anm: fjerde) generasjon som har hytta. og Maurstad/Seim og Monsen i 1924-25. 

   
  tilbake  hjem © Arild Skjelbred