|
Fullt så langt er ikkje brua over nedre del av Vosso,
ved Bolstadøyri jernbanestasjon, enno komen. Men ho er
hundre år i 2009 – det vil seia: På den staden ho no
ligg. Legg vi til tida då ho var smalspora jernbanebru
ved Flagefossen like vest for Bulken, er ho 125 år gamal.
Minst!
Skal ein vera heilt nøye på det, så er det sjølve
stålbygget i brua som er 125 år gamalt. Men så nøye
treng ein ikkje vera. Brukara er i hoggen granitt,
truleg frå steinbrotet på Vaksdal, der så mykje av dei
fine murane, tunnelkvelvane og steinkvelvbruene på
Bergensbana kom i frå. Brukara vart bygde på staden, og
dei står like støtt no som i 1909.
La bana der det ikkje budde folk
Kanskje var jernbaneingeniørar folkesky menneske. I alle
fall la dei helst banene der det ikkje budde folk, nokså
ulikt vegbyggjarane, som laga svingevegar slik at vegane
skulle koma innom kvart gardstun, gjerne under låvebrua.
For jernbane var noko så fint at folk skulle ta seg
fram til bana, bana skulle ikkje koma til dei. Det er
grunnen til at det er så makelaust fint utsyn over
Hallingdalen frå bana mellom Geilo og Ål – bana ligg
langt oppe i skogen, folket bur i dalen og i liane på
den andre sida av elva…
Bana på sørsida - folk på nordsida
Slik var det på Vossebana også, og slik var det på
Bolstadøyri. Bana kom på sørsida av elva, folk budde
mest på nordsida, og jernbana ville ikkje ta på seg
kostnaden ved å byggja bru her (slik dei elles gjorde på
Evanger!).
Så måtte ordførarane setja i gang, syta og klaga,
lokka og truyga, dei hadde enno ikkje funne opp
moteordet ”spleiselag”, men det var nett det dei fekk i
stand.
Litt ytte dei sjølve, litt la Søndre Bergenhus amt i
kollektskåla, og stortingsmenn som gjerne ville verta
attvalde, masa vidare i Stortinget til dei hadde
skrangla i hop litt over 20 000 kroner.
Moderne knep
Ordførarane den gongen kunne eit moderne knep: Kreativ
bruk av statistikk, så dei fortalde at 2000 menneske
ville sokna til brua. Det var knapt nok halve sanninga,
for dei tok med heile Bergsdalen i ”nedslagsfeltet”. Men
jernbanefolka kjende knepet:
Om bergsdølane verkeleg tok vegen over fjellet, ville
dei koma ned i dalen – på stasjonssida av elva! Dessutan
kom Dale Fabrikker i 1879. Med fabrikken kom veg frå
Dale opp i Bergsdalen, og på Dale var det stor og god
stasjon.
Dampbåten billegare
Litt kjensler låg det i saka også. Framleis gjekk det
dampbåt frå Bolstadøyri til Bergen, og med båten var det
litt billegare både for folk og gods, så litt for mange
sparde øra og kronestykka på å ta båt i staden for bane
endå turen tok tre gonger så lang tid som toget –
akkurat som fabrikkeigar Jebsen fann ut at det vart
billegare å senda tekstilvarene med båt frå Stanghelle
enn med tog frå Dale – endå det var Peter Jebsen sjølv
som hadde sytt for at først Vossebana og deretter
Bergensbana vart bygd.
Så det var kanskje ikkje så rart at banefolka meinte
folket på Bolstadøyri kunne greia seg med ferjemann som
tok ti øre for turen over elva, når dei ikkje brukte
bana meir enn dei gjorde.
Litt godvilje - om enn sur
Men litt godvilje – om enn sur – viste jernbanen då dei
let vegvesenet få kjøpa den smalspora jernbanebrua på
Flage, som dei sjølve ikkje hadde bruk for lenger, til
halv pris, 5 øre kiloen mot marknadspris 10 øre, 3000
kroner mot marknadspris 6000 kroner.
Så kom brua, og der står ho framleis. I aprildagane
1940 sprengde dei ei jernbanebru rett vest for
Bolstadøyri for å seinka tyskarane, på Bolstad rakk dei
ikkje å sprengja brua før tyskarane var der.
Takk for sist til vrange jernbanefolk
Forteljinga om billegbrua har eit framhald. Dei fekk eit
problem då brua var ferdig: Ho kosta 1300 kroner mindre
enn dei hadde rekna med, og ingen hadde lyst til å senda
pengar tilbake til regjeringa.
Så dei bygde ny veg og ny kai på den andre sida av
elva, slik at dampbåten skulle verta lettare å nå. Det
var kanskje også eit takk for sist til vrange
jernbanefolk.
Men då var saka meir normal, no gjekk dei 600 kroner
i underskot på arbeidet! |