Rasdalen grendalag Masfjordnes 25.06.07
v/Terje Rasdal
5981 Masfjordnes
Voss kommune
Tekniske tenester
anlegg/vedlikehald
5701 Voss
Rasdalen grendalag ynskjer med dette skrivet å koma med ei positiv tilbakemelding i høve til vedlikehaldsarbeidet på Rasdalsvegen.
Me har registrert at det i løpet av den siste tiårsbolken er gjort mykje godt og grundig arbeid på denne vegen som går frå Bolstadøyri og opp til Rasdalen. For ein del år sidan vart grøftene godt reinska, og vegen har elles vorten halde jamleg godt vedlike.
I byrjinga av denne månaden vart det også gjort eit betydeleg vedlikehaldsarbeid, vegen vart både grusa, høvla og salta.
Dette er noko som alle brukarane av vegen legg merke til og kommenterer, og Rasdalen grendalag vil med dette få retta ei stor takk til dei instansane og personane som har planlagt - og ikkje minst utført - dette arbeidet.
Med helsing
Rasdalen grendalag
v/Terje Rasdal
leiar