| SONG TIL
RASDALSELVA (Melodi : Eg gjette Tulla) Her er me samla til fest i kveld, me Rasdalselva skal feira, og kampen vann me, for seint på kveld kom melding inn : Me har seira ! ![]()
"Er dalens perle" - Odd Rasdal sa, og også gjerde for smalen, og "Folkebadet" gjør ungar glad - eit samlingspunkt nedst i dalen.
Ei landskap vakkert og urørt står med fjell og vatn og dalar. Me pakkar sekken - til fjells det går, ein slik natur til oss talar.
Og tradisjonar det har vår dal, for folk har budd her så lenge. Og Storefossen gav "Raldals dall" - frå elva namn me har fenge.
Kor godt det gjer å få komma hit til skog og fjell, høyra suset frå foss og kulpar, me trekkjest dit - og fiskar i elvebruset.
Og Rasdalsvatnet som blenkjer fint, her vaker fisk - fuglar hekkar, og fram på våren når snø har tint - det strøymer frå alle bekkar.
No overlet me ein fin natur til alle dei som kjem etter, då veit me sikkert at det vert tur i sumardag som i vetter.
Ja det var bra, me elv vil ha - for alltid skal orda brenna: I røyr skal elva`kje renna !
Terje Rasdal
Juli 2002
|