Dugnad laurdag 8.juni frå kl.10.00.

Arbeidsområda er følgjande :

·       Skraping/måling av sprosser/karmar, innvendige vindauge

·       Arbeid med rommet i 3.etasje, førebuing til vidare arbeid der.

·       Vask og reinhald innvendig.         Hugs mat og drikke.

Fellestur til Bolstadstølen laurdag 20.juli.

Oppmøte på Skaret  kl.15.00. Turen går om Fagerbrekkene og inn til Bolstadstølen, der har me matpause.

 

Sommarfest laurdag 27.juli kl.17.30

Det vert ulike aktivitetar og konkurransar først, deretter mat, åresal og litt program. Ha med mat/drikke til koldtbord og kaffibord. (Hugs tallerkar, bestikk og kopp/glas)

Til åresalet ynskjer me fine gevinstar. Me håpar på godt frammøte.

 

VEL MØTT TIL DUGNAD, FELLESTUR OG SOMMARFEST !

Rasdalen grendalag