DUGNAD OG SOMMARFEST 2013 

Det vert dugnad på grendahuset laurdag 01.06. frå kl.10.00.

Arbeidsområda er følgjande :

·       Skraping/måling av uthuset (så sant ikkje veret vert alt for ille)

·       Vask og reingjering (ev. montering av stolar)

·       Rydding av buskas frå vedhuset og rundt nordenden av skuleplassen.

Ha gjerne med utstyr til  rydding ute.

Vaskemiddel/utstyr og penslar/kostar vert kjøpt inn.

Hugs mat og drikke.

Det vert sommarfest laurdag 3.august kl.17.30

Det vert ulike aktivitetar og konkurransar først, deretter mat, åresal og litt program.

Ha med mat/drikke til koldtbord og kaffibord. (Hugs tallerkar, bestikk og kopp/glas)

Til åresalet ynskjer me fine gevinstar.

Inngangsbillett : Vaksne kr 50, barn gratis.

 

VEL MØTT TIL DUGNAD OG TIL SOMMARFEST !

Rasdalen grendalag