Til medlemmene i Rasdalen grendalag

Det nærmar seg påske, samstundes som Korona-viruset dominerer tilværet vårt med permitteringar, innskrenkingar, avlysingar og diverse forbod. Dette får konsekvensar på så mange måtar, også for Rasdalen grendalag. Derfor ser me oss nøydde til å avlysa fellesaktivitetane våre i påska, det vil seia årsmøtet, påskerennet og påskebasaren. Det er sikkert mange som hadde tenkt seg opp på hytta i Rasdalen i påska, men det er nok per i dag ganske så usikkert. Styremøte i grendalaget må me utsetja på ubestemt tid, men det skal avviklast så snart det vert mogeleg. Eg skal skriva ei årsmelding, slik at me har oversikt over kva som har skjedd det siste året, og også litt om planane våre for tida framover.

Det som vil merkast mest for grendalaget, er at inntektene på påskebasaren fell bort. Men skulle det vera nokon som vil gje eit bidrag til grendalaget, så er me takksam for det. Dei faste utgiftene på grendahuset kjem som vanleg. Men det er svært viktig for oss å understreka at dette må vera høgst frivillig og heilt opp den enkelte. I desse usikre og spesielle tider er det nok mange som merkar at dette får konsekvensar for økonomien.

Me får vera optimistiske, ta våre førehandsreglar og å sjå framover, det vert nok ein slutt på dette og. Om me kan ha dugnad 30.mai, fellestur til Dunsen 25.juli og sommarfest 1.august er ikkje godt å vita. Men me får håpa at når sommaren kjem, vert det bokstavleg tala lysare tider. De får følgja med på Rasdalsida, der tek me sikte på å få ut informasjon framover.

 

Helsing Terje Rasdal

leiar i grendalaget

(P.s: Til orientering er Vipps-nummeret til grendalaget 530195, og kontonummeret

3480 11 38286.)