Vyrde herskap ! Jula 2007
No tida er komen, det atter er jul
med gåver og hugnad og englar
i skjul,
men skalden han slit, for kva nytt skal han sei’ ?
Av remsene gamle vert allmogjen lei.
Dei ventar seg høgverdig, fager lyrikk,
om det som skal koma - samt eldgammal skikk,
og skalden han sukkar : Det lettare er
å finna ei gåve til den ein har kjær.
For det er’kje enkelt, me alle har balt :
Kva skal eg no kjøpa til ho som har alt ?
Og oppi alt dette kjem ynskja om kvad –
brått høyrest ei stemme : Gjer
allmogjen glad.
Gakk fluxens åt skjermen, der kvadet kjem
fram
om nissar og englar,
kommode og lam,
om Reia som jagar med skremsel og gru –
ja, slik fødest kvad’ for totusenogsju.
I år set eg fokus på klima og ver,
i juli der starta ei regnbye svær,
det ausa og rann over bygd, over by –
og Gislefoss lova oss regnvåte sky’.
Kva galt har me gjort ?
undrar folket seg på -
dei gløser mot himmelen dyster og grå,
våt nissefar pakkar
og skriv med sin penn -
det vert ”same procedure as last year” igjen.
Men så høyrest ord over land, over by,
at mange kommunar er lurt’ opp i stry
av meklarar sløge,
som sleske gjev råd,
ja, Terra dei kunne ein
nordlending flå.
Uff, dette er klima av simplaste slag,
så regnbye lang er
nok meir til behag.
Bruk pengar til gåver,
hald rikdom i skjul
for meklaren grisk – ha ei riktig god jul !
Terje Rasdal