Nyårskvad 2008

 

 

Siste dag i dette år,

nyårsynskje her du får –

for det nye som tek til :

Snø i vinter, submar mild.

 

Vonar året vil deg gje

hugnad, fiske, jakt og fred,

oppsøk sjø og skog og fjell –

kroppen han treng puss og stell.

 

Arbeid, det er viktig det,

men iblant så kul litt ned,

slik me gjer i denne kveld –

med god mat og drykk – samt smell.

 

Terje Rasdal