|
Nytt frå Rasdalen grendalag
Vått og kaldt har det vore i ein heller lang periode no, og informasjonen som her kjem er også av det fuktige slaget. Det som me oppdaga etter årsmøtet skjærtorsdag, var at det hadde kome inn vatn i salen nede. Golvet var fullt av svarte og fuktige område, så det var eit heller sterkt syn for oss. Det vart raskt teke kontakt med takstmann i Gjensidige, og han kom opp i Rasdalen 26.04. Skaden vart klassifisert som naturskade, som betyr at me får dette dekka av forsikringselskapet. Det vart også sagt at golvet måtte fjernast så fort som mogeleg, og dette arbeidet vart gjennomført som dugnad laurdag 30.april. Me var fem personar på jobben, og fekk etterkvart sjå at det hadde kome inn store mengder vatn under golvet. Etter at golvet vart fjerna, har det stått til tørk. Vedomnen måtte også fjernast, og det viste seg at han var i så dårleg forfatning at han måtte berre kasserast. Det vesle rommet ved inngangen til salen vart også reinska, og både det våte golvet og ein del gamalt møblement vart transportert ned til elva og seinare brent. Planen er no å leggja på eit lag med betong for å få golvet høgare, leggja ned isolasjon og varmekablar, og så golvfliser på toppen. Dette er for å sikra oss mot at golvet ikkje må rivast opp fleire gonger p.g.a. eventuelt nytt innsig av vatn. Tregolvet vart i si tid lagd med tanke på at salen var ein gymnastikksal, men til vårt bruk i dag er nok ikkje tregolv den beste løysinga. (sjølv om eit tregolv er fint) Styret i grendalaget hadde møte 27.05., og der brukte me ein god del tid på denne saka. Me håpar å få gjort støypearbeidet om ikkje alt for lenge, og så vert det ein ny periode med opptørking igjen før me kan få nytt golv på plass. Så her vert det nok ein god del arbeid som ligg framføre oss. Me vil også rådføra oss med ekspertise, slik at det som vert gjort av arbeid er skikkelege løysingar. Det må også nemnast at den vesle plattingen innom inngangsdøra nede også får same golv som inne i salen, det same gjeld rommet til høgre når du kjem inn i salen.
Dette får også litt konsekvensar for sommarfesten 30.juli, for då kan me nok ikkje bruka salen nede. Men sommarfest skal det verta, og me oppmodar folk til å setja av denne siste laurdagen i juli. Som vanleg ynskjer me oss fine gevinstar til åresalet, og også i år legg me opp til koldtbord.
No er det heller ikkje lenge til pinseaftan (11.06.) og dugnad på grendahuset. Då vert det lagt opp til arbeid både ute og inne - rydding av skog og buskas i området ved bekken ute, og vask og rydding inne. Til utearbeidet treng ein utstyr til å fella tre og rydda buskas, til innearbeidet har me vaskemiddel og ein del bøtter og klutar. Me vil seinare grava og reinska opp i denne bekken. Det kan også opplysast om at då vatnet kom inn i salen, var bekken så mykje tilfrosen at vatnet gjekk heilt opp i vegen. I tillegg må det også gjerast ein del drenerings- og gravearbeid utanfor grendahuset.
Som avtala på årsmøtet har leiaren skrive brev til Telenor om at det har vorte dårlegare mobildekning i Rasdalen. Så får me sjå om det vert respons på skrivet, og om det eventuelt vert ei betring.
Elles kom det inn i overkant av 12000 kr på påskebasaren, og det kan me alle vera svært nøgde med. Takk for god støtte !
Som de skjønar, så er det golvet i salen nede som no har hovudfokus, og me er også spente på om me klarer å få oss nytt golv innan den summen som taksten er på. Taksten ser grei ut, men den tek sikte på å leggja tilsvarande golv som har vore før. Me lyt i tillegg investera i ny omn nede. Derfor lyt me halda oss litt i skinnet når det gjeld nye prosjekt fram til golvet er på plass, og til me ser kva sluttsummen vert.
Då er til slutt å håpa på ein god og varm sommar.
For Rasdalen grendalag
Terje Rasdal leiar
Masfjordnes 30.05.11
|