Nytt frå Rasdalen grendalag
På vinterstid er aktiviteten i grendalaget vanlegvis sterkt redusert, men i løpet av dei siste månadene har det faktisk skjedd ein god del. Derfor kan det vera på sin plass med litt informasjon – slik at folk kan sjå at det framleis er liv i oss.
* Grendahuset har sidan i haust vorte oppjustert i høve til det elektriske anlegget. Her har Geir Rasdal gjort ein god jobb med å retta feil/utføra arbeid som vart pålagt oss av elektrisitetstilsynet 30.05.06. Styret i grendalaget er svært takksam for denne jobben som Geir har utført. Det har også i slutten av februar vore oppe personell frå Voss Energi som har godkjent det arbeidet som har vorte gjort.
* Det har også vore ein god del aktivitet når det gjeld framlegget til ny renovasjonsordning. Grendalaget tok tak i dette med ein gong i januar, leiaren hadde telefonsamtale med driftsleiar i Indre Hordaland Miljøverk, og styret i grendalaget sende i etterkant (05.02.) eit skriv til miljøverket v/dagleg leiar, der me la fram synet vårt når det gjeld denne saka. Grendalaget har for nokre dagar sidan også fått eit tilsvar på dette skrivet. Fleire detaljar omkring denne saka skal verta gjevne på årsmøtet skjærtorsdag. Men det som me no har fått signal om, er at hytter under 80 kvm skal betala satsen for middelgebyr.(1335 kr). Då vert gebyrsatsen for fleire av hyttene i Rasdalen noko meir høveleg, og på dette punktet har me såleis fått gjennomslag for vår argumentasjon.
* Kjellaren i grendahuset er no isolert, Jan + undersåttar har gjort ein god jobb der. Me har tidlegare år hatt problem med at det gjekk på skade laus i grendahuset på vinterstid i høve til frysing. Men no håpar me å ha fått bukt med det problemet.
* Søknaden om midlar til rydding av stølsvegen er diverre ikke sendt enno. Arild har fått eit skikkeleg ”kræsj” på datamaskina si - slik at bileta som han har teke frå den rydda stølsvegen ser ut til å vera borte for alltid. Planen er no å ta nye bilete helga før påske (eller i påska), og så få søknaden kjapt av garde. Dette ryddingsarbeidet er det Frøydis og Jogeir som skal ha æra for.
* Økonomien i grendalaget må seiast å vera under kontroll, Ingfrid styrer dette med kontrollert og nyoperert hand. Grendalaget er sjølvsagt avhengig av å få eit godt økonomisk tilskot på den tradisjonelle påskebasaren. Den vert som vanleg avvikla på påskeaftan (07.04.), så då er det berre å stilla opp med gevinstar - og med pengar !
* Til slutt står det då att å minna om årsmøtet i Rasdalen grendalag. Tidspunktet er skjærtorsdag (5.april) kl.18.00 i grendahuset.
Der står det årsmelding, rekneskap og val på saklista. I tillegg kan folk melda inn saker som dei vil at me skal ta opp på dette møtet. Under gjennomgangen av årsmeldinga vil det vera naturleg å koma inn på saker som har interesse for alle som har tilknytning til Rasdalen.
Plakatar om årsmøtet vert hengde opp helga før påske.
Vel møtt !
For Rasdalen grendalag
Terje Rasdal
leiar
Masfjordnes 10.03.07