ÅRSMELDING

 

 

for Rasdalen grendalag

 

 

2007/2008

 

 

 

Innleiing

 

Årsmøtet for 2006/07 vart avvikla i grendahuset 05.04.07. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

 

Styret har då vore samansett slik :

 

Leiar : Terje Rasdal

Styremedlemmer : Ingfrid Rasdal, Arild Skjelbred, Frøydis Eide og

Jan Rasdal

Varamedlemmer : Frode Tufte, Paal Rasdal

Revisor : Bergljot Tufte

Valnemd : Styret skal fungera som valnemd.

 

 

Møteverksemd

 

På årsmøtet i april 2007 vart det teke opp ein god del saker som er fylgde opp av styret i etterkant. Det fyrste styremøtet etter årsmøtet var sett til 12.05.07, der styret gjekk gjennom ei rikhaldig sakliste. Som året før har det i tillegg vore meir uformell kommunikasjon medlemmene imellom, i form av telefonsamtalar, sms, e-post og elles mange samtalar.

 

Det andre styremøtet gjekk av stabelen 20.10.07, også dette møtet med mange saker på saklista.

I denne årsmeldinga vil det verta for omfattande å koma inn på absolutt alle saker som er vortne tekne opp og diskuterte i styret i løpet av året. Derfor vil det vidare i årsmeldinga verta sett fokus på eit utsnitt av saker som me i styret synest er viktige for grendalaget - og som kan ha interesse for alle medlemmene.

Informasjon

 

Dersom ein vil halda seg oppdatert når det gjeld arbeidet i grendalaget,

er det berre å logga seg inn på Rasdalssidene, www.rasdalen.no ,som Arild er ansvarleg for. Han er ofte oppe i dalen, og då vert det lagt ut bilete og annan nyttig informasjon – til glede for alle dei som er interesserte i Rasdalen. Han får også til tider bilete og informasjon (sms) frå andre informantar, og dette er han interessert i at det kan verta meir av.

 

Grendalaget har også eigne sider her, og dei håpar me folk også er inne og ser på. For tida er det ni ulike skriv å studera når du klikkar deg inn på ”grendalaget”. Denne årsmeldinga vert også lagd ut på dei same sidene etter at ho er godkjend av årsmøtet.

 

 

 

Saker det har vore arbeidd med

 

 

 

* Rydding av stølsvegen frå Rørbakken til Bakkastølen

 

Søknaden m/fotodokumentasjon vart sendt i juni, og grendalaget fekk tildelt 4200 kr i kommunale midlar.

 

 

* Dugnad 26.05.07

 

Denne dugnaden gjekk i hovudsak på å vaska grendahuset innvendig. Det er nok ikkje særleg tvil om at det var eit visst behov for ei slik ”reinsing”. Etter kvart vart det mange som kom og tok eit tak denne dagen, det var nok minst 20 personar på det meste. Fellesmåltid hadde me sjølvsagt også, denne gongen innandørs.

 

* Nye gardiner i salen nede

 

Under vaskedugnaden vart det registrert at gardinene nede ikkje var i forfatning til å verta hengde opp att. Else Mari og Berit vart så av styret kommanderte til å utgjera ”gardin-komitéen”. Etter ein sjekk hjå diverse forhandlarar kjøpte dei inn gardiner, og desse fekk me på plass til sommarfesten gjekk av stabelen.

 

 

 

* Sommarfesten 2007

 

Festkomitéen var denne gongen Frøydis, Paal og Ingfrid. Dei laga ei grei ramme rundt denne festen. Som vanleg var det lagt opp til ulike aktivitetar, grilling, allsong, musikkinnslag, åresal – og ikkje minst : tid til at folk fekk preika i lag.

Inntektene på denne festen er viktige for grendalaget, og i fjor fekk me inn ca 10.500 kr på inngangsbillettar og åresal. Til neste sommarfest vil truleg styret gå inn for at det vert laga til koldtbord i staden for grilling. Elles er me stadig av den oppfatning at tradisjonen med sommarfest er viktig med tanke på samhald og sosialt engasjement i dalen.

 

 

 

* Påskebasaren

 

Denne basaren, som vert arrangert påskeaftan, har for lengst funne si form, og basaren er utan tvil den viktigaste økonomiske ”melkekua” for Rasdalen grendalag. Basarkomitéen er svært rutinerte, og dei skal også ha honnør for godt utført arbeid gjennom mange år. Sidan det har vore så mykje folk og stor kjøpelyst på denne basaren, har styret i år fått Paal til å laga eit nytt sett med årer.

Dei same folka har også vore flinke til å gje gevinstar til åresalet. I samband med dette vil styret få presisera at til påskebasaren treng ein ikkje så store og dyre gevinstar. Derimot til åresalet på sommarfesten ynskjer me berre ein gevinst frå kvar husstand/hytte, men denne gevinsten bør vera av ein litt meir eksklusiv kvalitet og høgare verdi.

 

 

* Økonomien til grendalaget

 

Dei siste åra har me hatt ei kjensle av å ha ein viss kontroll med økonomien. Inntekter og utgifter har har ”oppført” seg på kontrollert vis, og det gjer det også lettare for styret å driva og å halda oppe aktiviteten i grendalaget. Me synest at det er greitt og naturleg med dugnadsarbeid, men me vil samstundes også ha auge til dei som ev. legg ned eit større arbeid. For tida har grendalaget ca 14.800 kr på kontoen sin, og det må me vera nøgde med. Elles kjem kasseraren attende til dette emnet under ”Rekneskap”på saklista.

 

 

* Vedtektene til grendalaget

 

Desse vart vedtekne på årsmøtet i grendalaget 17.04.03. Vedtektene er skrivne på bokmål, og det er ikkje heilt i samsvar med at Rasdalen ligg i eit nynorskdistrikt. Ingfrid har no omsett vedtektene, og gjennom dette arbeidet er det registrert punkt og formuleringar som bør reviderast. På dette årsmøtet har styret såleis eit framlegg til nye vedtekter, som årsmøtet skal godkjenna – med eller utan merknader. 

 

 

 

* Renovasjonsordninga frå IHM (Indre Hordaland Miljøverk)

 

På årsmøtet i april 2007 vart denne saka diskutert, og det kom mange innspel i høve til renovasjonsordninga, særleg når det gjaldt gebyrsatsar og kapasiteten på containerane. Det vart bestemt at styret skulle arbeida vidare med saka og ta kontakt med IHM. Men allereie på dette tidspunktet var arealkrava vortne reduserte, slik at gebyret vart 1335 kr for dei aller fleste hyttene.

 

Styret v/leiar sende eit skriv til IHM og Voss kommune datert 17.04.07, der me påpeika dei synspunkta som kom opp på årsmøtet. I tida etterpå skjedde det ikkje noko, bortsett frå at containerane på Roningen vart overfylte i byrjinga av mai. Dermed sende styret i grendalaget av garde eit nytt skriv 18.05.07, der det i tillegg vart lagt ved biletedokumentasjon frå Roningen. Dette skrivet vart også skrive i klår og tydeleg tekst, for ei slik type renovasjonsordning var ingen tente med.

 

I etterkant av dette skrivet var det avisoppslag i ”Hordaland”, der m.a. Kåre Flatlandsmo kommenterte desse innspela. Han viste også i intervjuet til at det ikkje var så mange av hytteeigarane i Rasdalen som hadde betalt gebyr. Under dugnaden 26.05. tok styret tak i dette, og me oppmoda då folk om å betala gebyret – slik at dette ikkje vart brukt mot oss.

Men det som også skjedde etter det andre skrivet, var at det kom opp fleire containerar på Roningen, slik at det til saman då er tre containerar for restavfall og ein container for papir. I juni tok også Gunnar Bråten i IHM telefonisk kontakt med leiar i grendalaget, der særleg dette med containerkapasiteten vart diskutert.

Dermed vart kapasiteten tydeleg betra, og bortsett frå ein gong i august, vart det ikkje meldt om overfylte containerar.

 

Dermed har me oppnådd ein god del når det gjeld renovasjonsordninga, sjølv om me kanskje ikkje fekk ei heilt optimal løysing. Styret har i alle fall arbeidd mykje med denne saka, og det har vorte formulert mange skriv. (Til orientering er skriv frå tida etter årsmøtet 2007 samla i hefte, som ligg til gjennomsyn her på årsmøtet.)

 

 

 

 

Andre skriv frå grendalaget

 

* Skriv til IHM 15.05.07 : Merknader – Kommunedelplan avfall

 

Her vart grunnlaget for gebyrklassane og storleiken på gebyra kommenterte.

 

* Skriv til Voss kommune v/tekniske tenester 25.06.07

 

Grendalaget gav her ei positiv tilbakemelding etter eit omfattande vedlikehaldsarbeid på Rasdalsvegen i juni.

 

* Skriv/e-post til Telenor, senter for nettbygging 13.11.07

 

Grendalaget peika her på at telefonlinja opp til Rasdalen må rustast opp.

Her vart også lagt ved biletedokumentasjon.

 

 

 

 

Vurdering av arbeidsåret og vegen vidare

 

 

Styret tillet seg å påpeika at også i dette året har det vore ein god del aktivitet. Det har vore nok saker å arbeida med gjennom denne perioden, og me kan konkludera med at det har vore eit ganske godt arbeidsår. Som det også vart kommentert i fjor, så er det ein føremon å ha eit styre som kjenner Rasdalen godt, og som i tillegg ganske ofte er å sjå i dette området. Som leiar synest det har vore godt å ha kontinuitet i arbeidet med Rasdalen grendalag desse åra eg har fungert. Men det er også viktig at me ikkje ”stivnar” til, så etter kvart vert det viktig å sleppa til nye og yngre krefter i styret.

 

Me står no framføre ei heller stor satsing i grendalaget si historie, nemleg å få på plass eit nytt kjøkken. Det kjøkkenet som me no har å tilby, er med respekt å melda ikkje så mykje å skryta av. Men no meiner me at grendalaget har økonomi til å gå i gang med dette arbeidet. I løpet av 2008 reknar me med at nytt kjøkken skal koma på plass.

 

I skrivande stund er det også kome inn informasjon frå Vestskog BA v/Oddbjørn Helland om rydding av røyrgatetrasé langs Rasdalsvegen i samband med Småkraft si utbygging. Oppstart av arbeidet vert like etter påske og vil vara 7 – 10 dagar. Dette skal det også koma ut informasjon om, både på plakatar og på Rasdalssidene. Me i styret håpar at dette ikkje skal føra med seg alt for store problem i tida som kjem. Det kan i alle fall vera greitt å då ha i bakhovudet at den viktigaste og sentrale delen av Rasdalselva har vorten spart for utbygging.

 

I motsetnad til mange andre bygdelag, så er det – og har vore – godt samkvem mellom dei ”innfødde” og hyttefolket her i Rasdalen. Dette gode samkvemmet og samarbeidet må me byggja vidare på, og då er det viktig at me har møteplassar som t.d. sommarfesten, påskebasaren og dugnader. Kanskje kunne me gjort endå meir av dette, som t.d. ein fellestur – eller ein annan aktivitet. Me må prøva å leggja til rette for at folk ikkje berre sit i eigne hus eller hytter, men kjem seg ut og har kontakt med andre i dalen. Avslutningsvis er å seia at det som også alltid viser seg, er at det vert oppnådd mykje når folk engasjerer seg og viser samhald.

 

 

 

 

 

 

For styret i Rasdalen grendalag

 

 

Terje Rasdal

 

leiar

 

 

 

Rasdalen 12.03.08