ÅRSMELDING

 

 

for Rasdalen grendalag

 

 

2014/2015

 

 

 

Innleiing

 

Årsmøtet for 2013/14 vart avvikla i grendahuset 17.04.14. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

 

 

Styret har då vore samansett slik :

 

Leiar : Terje Rasdal

Styremedlemmer : Ingfrid Rasdal, Arild Skjelbred, Frøydis Eide og

Jan Rasdal

Varamedlemmer : Frode Tufte (2 år), Paal Rasdal (1 år)

Av styret står Terje på val (leiar), Frøydis og Jan står på val (styremedlemmer) og Paal står på val (varamedlem).

                               ---------------------------

Valnemd : Jan Olav Larsen (1 år) og Geir Rasdal (2 år), Jan Olav står på val.

Revisor er Agny Laukeland Bygnes.

 

Møteverksemd

 

Også dette året har det vorte halde to styremøte i grendalaget. Det første møtet hadde me 6.juni og det andre 10.oktober. I tillegg hadde også styret som vanleg eit møte i forkant av årsmøtet 17.april.

Årsmeldinga vil vidare setja fokus på nokre av dei sakene som me i styret synest har vore viktige for grendalaget - og som kan ha interesse for alle medlemmene.

Den godkjende årsmeldinga – og informasjon og bilete elles - vert lagd ut på Rasdalssida, www.rasdalen.no. Styret oppfordrar fleire av medlemmene til å senda bilete, ev. med tekst, til Arild. Dermed kan sida oftare oppdaterast, slik at folk kan sjå korleis det ser ut i Rasdalsområdet. Viktig informasjon vert også kunngjort som oppslag her i Rasdalen.

 

 

 

Saker det har vore arbeidd med :

 

 

Dugnaden 07.06.14

 

Det var ikkje så verst oppmøte denne gongen, og me hadde godt og tørt ver på dugnadsdagen. Hovudarbeidet var å gjennomføra ein større ryddeaksjon rundt skuleplassen. Der veks det til heile tida, og i løpet av dagen vart mykje buskas fjerna og rydda vekk.

I tillegg vart det også utført ein del innvendig vask.

Elles vart det litt seinare utpå sommaren kjøpt inn diverse kjøkkenutstyr som t.d. mikrobølgeomn, elektrisk mixar, bollar, slikkepottar m.m.

 

Sommarfesten 02.08.14

 

Sommarfesten vart stort sett avvikla etter same mønster som tidlegare, og veret var ikkje så aller verst denne gongen. Etter at uteaktivitetane var avvikla, heldt me for det meste til i salen nede. Dei bortimot 40 gjestene hadde ein triveleg kveld i saman med eit rikhaldig koldtbord, quiz med varierte spørsmål, allsong og eit åresal som gav grendalaget pengar i kassa. Inntektene på denne festen er viktige for grendalaget, og i fjor fekk me inn 7661 kr på inngangsbillettar og åresal. Tradisjonen med sommarfest er også viktig med tanke på samhald og sosialt engasjement i dalen.

 

 

 

Påskebasaren

 

Basaren på påskeaftan er framleis den viktigaste økonomiske ”mjølkekua” for Rasdalen grendalag. Me fekk nok ein gong inn 12.000 kr på basaren – eller heilt nøyaktig 11929 kr - og det er imponerande. Det var som vanleg fire trekningar, det vart gitt litt informasjon frå leiaren. Styret er svært takksam for at folk er så flinke til å stilla opp, kjøpa årer og gje gevinstar til åresalet.

Påskerennet, som etter tradisjonen vert arrangert før basaren, måtte dette året dessverre avlysast. Ein føresetnad for å kunna arrangera dette rennet er at me iallfall har litt snø – og det har gått stort sett greitt dei aller fleste åra fram til 2014. 

 

 

Økonomien til grendalaget

 

Som det har vorte skrive i dei siste årsmeldingane, har me hatt bra kontroll og styring med økonomien over mange år. Med god hjelp frå medlemmene meiner me å ha kontroll, noko som medfører at det er lettare å driva og å halda oppe aktiviteten i grendalaget. Saldo per 31.12.14 var på 31387,39 kr. Etter den tid har det gått ut om lag 14.000 kr til faste utgifter, men påskeaftan kjem basaren vår med forhåpentlegvis nytt økonomisk påfyll.

Når det gjeld medlemskontingent for 2014, har det kome inn 9700 kr på kontoen vår.

 

 

 

Diverse

 

Grendahuset har fått ein god del «oppgraderingar» i løpet av dei siste åra. Dermed vert det også meir attraktivt å bruka som lokale for møte, samkomer og festar av ulikt slag. Salen nede har fått mykje skryt, og det er vorte eit fint lokale med nye bord og stolar, og nostalgiske naturplansjar på veggane. Kjøkkenet vart også mykje meir funksjonelt etter ein total «ansiktsløfting» for nokre år sidan. Me håpar at folk vil bruka huset til ymse arrangement, og det bør også nemnast at styret har lagt seg på eit heller lågt nivå når det gjeld utleigesatsar.

 

Tostigen skal no rustast opp, slik at det vert greiare og meir sikkert å ta seg fram der. Grunneigarlaget og Småkraft deler på utgiftene til dette prosjektet.

 

Dei plansjane som ikkje er hengde opp i salen nede og i klasserommet oppe, vil me ha her på grendahuset. Dette har det kome innspel på frå fleire av medlemmene. Til saman har me om lag 60 plansjar igjen, og dei vert då ståande på grendahuset.

 

Badet på grendahuset er framleis i ganske flittig bruk av medlemmene, og dusjpengane dekkjer litt av straumutgiftene våre. Det vart også eit framsteg då me fekk på plass eit nytt system for tørkepapir, handsåpe og toalettpapir.

 

Når det gjeld «Grasrotandelen», så har det dessverre vore problem med å få registrert og lagt inn grendalaget her. Men styret satsar på at dette skal det snart verta ei ordning på, slik at dei som vil kan støtta opp under grendalaget også på denne måten.

 

 

 

Vurdering av arbeidsåret og vegen vidare

 

 

I året som har gått har det nok ikkje vore like stor aktivitet i grendalaget som i dei siste åra. Men me har som vanleg arrangert påskebasar, dugnad og sommarfest. Styret prøver så godt det kan å halda oppe aktiviteten i dalen i tillegg til å halda grendahuset i bra stand, og der har me fått gjort ganske mykje i løpet av dei siste 7-8 åra.

 

Men det er stadig nye oppgåver og prosjekt som ventar, og no er det  innreiing av lærarrommet i 3.etasje som først står for tur. Når det gjeld måling, er det spesielt rundt vindaugene utvendig i 2.etasje der det er mest slite.

 

Styret har også lufta tanken om å arrangera ein fellestur til Vibotn i sommar (juli). Det vil me koma tilbake til når me forhåpentlegvis har fått bestilt godt og tenleg ver.

 

Elles håpar me at folk brukar dalen og kan ta seg tid til å reisa opp her når dei har høve til det. Det er viktig med aktivitet, men då må det også vera folk til stades. Når folk stiller opp, tek initiativ og bryr seg, har me eit godt grunnlag å arbeida vidare på her i Rasdalen.

 

 

 

For styret i Rasdalen grendalag

 

Terje Rasdal

leiar

 

06.04.15