|
I samband med Småkraft si utbygging nedst i Rasdalsvassdraget vert det rydding langs Rasdalsvegen rett etter påske. Eit taubanelag vil rydda ei gate med 20 – 40 m breidde frå området i øvste sving til området i nedste sving.
Me har fått informasjon om at arbeidet vil starta ca 25.mars og vil pågå i 7 – 10 dagar.
Taubanelaget arbeider normalt frå kl.0800 – kl.1900 alle dagar, unnateke sundag. Standplass for taubanevinsjen vert rett før første sving etter fe-rista.(Nedste Geitlesving) Det vert laga til slik at ein kan køyra forbi når det ikkje pågår vinsjing. Men under vinsjing vert vegen stengd. Dei som er avhengige av å trafikkera vegen under vinsjing, må nok organisera det slik at det er eit køyretøy på kvar side av skogsdrifta. Sidan taubanestrekket kryssar vegen fleire stader, må arbeidslaget få melding dersom ein går inn i området under vinsjing. Sjåføren på maskina er engelsktalande og kan treffast på mobilnr. 41 72 99 63.
Vegstenginga vert også annonsert i ”Hordaland”.
I arbeidsperioden vert telefonlinja fjerna i hogstområdet. Informasjon om taubanelaget finn ein på : www.taubanedrift.no
Dette er hovudinnhaldet i den informasjonen grendalaget har fått i hende frå Vestskog BA v/Oddbjørn Helland. (mobilnr. 90 85 21 04)
Rasdalen grendalag
|