Siste nytt om renovasjonssaka

 

 

 

Indre Hordaland Miljøverk tok fredag 29.06. kontakt med Rasdalen grendalag,

og konklusjonen etter den samtalen er at det går framover i denne saka.

 

 

* Det er no kome tre containerar for hytterenovasjon på Roningen,

og dei skal i månadene juli og august tømmast kvar veke.

 

* Det er også kome på plass ein papircontainer, denne vert ikkje tømt så ofte.

Papircontaineren er først og fremst tenkt for aviser og vekeblad. Skal det leverast kartong, må den brettast.

 

* Container for glas vert framleis ståande nede på Bolstadøyri.

 

* Miljøverket kan ikkje gå inn på ei ordning med å køyra opp i Rasdalen.

 

 

Det første punktet på lista ovanfor er eit langt steg i rett retning.

Dersom det ikkje er andre personar som stappar containerane fulle av diverse avfall,

skulle det heilt klårt vera kapasitet nok til å ta imot avfallet frå fritidsbustadene i Rasdalen.

 

 

Elles håpar grendalaget at hytteeigarane no har betalt renovasjonsavgifta. (sjå tidlegare skriv)

 

Så håpar me også at frammøtet vert godt på den tradisjonelle

sommarfesten  laurdag 4.august.

 

 

 

God sommar !

 

 

 

Rasdalen grendalag

 

v/Terje Rasdal

 

02.07.07 (Syftesok)