Rasdalen grendalag

 

Vedtekter vedtekne 17. april 2003, reviderte 20. mars 2008

 

 

 

§ 1. Grendalaget

Rasdalen grendalag (seinare kalla laget) er eit lag for alle som har eigedom, tilknyting til og interesser i Rasdalen.

 

§ 2. Føremål og arbeidsfelt

Føremålet med laget er å verna om felles interesser og rettar, forvalta og halda ved like Rasdalen grendahus

og ta aktivt del i saker om inngrep og reguleringar som gjeld Rasdalen.

 

§ 3. Innmelding og utmelding

Den som vil bli medlem i laget, underteiknar eit innmeldingsskjema. Medlemsskapen kan vera 1) hovudmedlem,

2) hovudmedlem og eit eller fleire familiemedlemer eller 3) heil husstand. Utmelding skal skje skriftleg med eit års

varsel. Hovudmedlem/husstandsmedlem har ei stemme/ein del i laget.

 

§ 4. Styret

Laget skal leiast av eit styre på 5 medlemer med 2 varamedlemer. Styret kan gjera vedtak når minst 3 medlemer er til stades. Vedtak skal gjerast med minst 3 stemmer.  Ved likt stemmetal har leiaren dobbelstemme. Styret vel sjølv nestleiar, kasserar og skrivar. Styret kan fordela oppgåvene slik det høver best.     

 

 

Styret skal mellom anna:

 

1. Arrangera årsmøte og leggja fram årsmelding med revidert rekneskap og om nødvendig utarbeida   budsjettframlegg og  arbeidsplan/aktivitetsplan for det komande året.

 

2. Ordna med forvalting og vedlikehald av grendahuset på den måten årsmøtet bestemmer. Styret skal prioritera tiltak som kan gje auka inntekter til grendahuset.

 

3. Fremja framlegg om eventuelle endringar i dei retningslinjene som er vedtekne på årsmøtet.

 

4. Heile tida halda seg orientert om saker innanfor kommune/stat og/eller andre selskap/organisasjonar som kan få noko å seia for Rasdalen eller enkeltmedlemer. Styremedlemer har plikt til å orientera resten av styret med ein gong, og vidareformidla informasjon til medlemene i den grad ein finn det er av interesse for dei.  

 

5. Styret kan løyva pengar til ålmenne tiltak som er i samsvar med laget sine føremål og arbeidsfelt.

 

 

§ 5. Årsmøtet

 

Årsmøte skal haldast kvart år i samband med påskehelga. Styret skal kalla inn til årsmøte. Styret eller minst 1/3 av medlemene kan krevja at det vert kalla inn  til medlemsmøte og/eller ekstraordinært årsmøte utanom ordinært årsmøte. Saker som medlemene ynskjer å ta opp på årsmøtet, skal vera styret i hende seinast palmesundag.

 

Årsmøtet skal:

 

1. Velja møteleiar, referent og to (2) representantar til å skriva under

     protokollen.

2.  Leggja fram årsmelding, revidert rekneskap og om nødvendig framlegg til         

     budsjett og arbeidsplan for komande år.

3.  Avgjera kva eit eventuelt overskot skal brukast til.

4.  Velja leiar for eit år.

5.  Velja styremedlemer i staden for dei som går ut.

     Styremedlemer skal veljast for to år om gongen, likevel slik at to (2)       

     medlemer står på val etter det fyrste året.        

6.  Velja to (2) varamedlemer for 1 år.

7.  Velja valnemnd på to (2) personar, der ein (1) er på val kvart år.

8.  Velja ei basarnemnd for to (2) år.

9. Fastsetja kontingent for hovudmedlem, familiemedlem(er) og husstand.    

10. Velja revisor.           

11. Fastsetja reglar for leige og utleige av grendahuset.

12. Fastsetja pris for leige og utleige av grendahuset.

13. Behandla andre saker som er nemnde i innkallinga.

 

Det skal førast protokoll frå årsmøtet. Det kan berre gjerast vedtak i saker som er komne inn på førehand.

Så lenge noko anna ikkje er bestemt, skjer alle vedtak på årsmøte eller anna fellesmøte med vanleg fleirtal av dei frammøtte.

 

 

§ 6. Grendahuset

 

Hovudmedlem som ynskjer å bruka/leiga ut grendahuset, kan søkja styret om dette. Hovudmedlemen er då ansvarleg for bruken/utleiga. Styret kan leiga ut grendahuset til andre enn hovudmedlemer. Retningslinjer for grendahuset skal utarbeidast av styret og vedtakast av årsmøtet.

 

§ 7. Oppløysing

 

Oppløysing av laget kan gjerast med 2/3 fleirtal av eit årsmøte. Minst halvparten av hovudmedlemene må vera til stades. Møter ikkje så mange medlemer, kan framlegget vedtakast på nytt årsmøte med vanleg fleirtal av dei frammøtte.Før oppløysinga må alle økonomiske avtalar vera avvikla og all gjeld oppgjord.

Ved oppløysing går laget sine eigneluter til Rasdalen grendahus.

 

 

 

Rasdalen  20.mars 2008