![]() |
||||
| Januar 2009 | ||||
![]() |
||||
|
Kvitehytto - Voss kommunestyre vedtok ein
reguleringsplan for Rasdalen 27. januar 1983. Dalen vart då regulert til
hyttebygging. Talet på hytter vart sett til 52, men seinare er planen revidert
og omfattar no 54 tomter. 35 hytter er bygde til no (1990). Av desse er 21 i
Nedre Rasdalen. Det var i Nedre Rasdalen dei fyrste hyttene vart bygde.
Anders Rasdal, kjøpmann i Bergen og bror til Nils på Br.nr. 1, fekk ein gamal
stall på garden og sette han opp i utkanten av bøen i 1910. Anders hadde med seg vener i Rasdalen. Dei budde på
gardane, men bygde seg etterkvart hytter.
Madsen bygde si i 1915,
Sørensen
i 1923 ( det er no tredje (w.m anm: fjerde) generasjon som har hytta. og
Maurstad/Seim og Monsen i
1924-25. |
||||
| tilbake hjem © Arild Skjelbred | ||||