RASDALENvegsaken

Her er innlegget:
Takk
til Avisa Hordaland
Eg vil rette ei oppriktig takk til Avisa Hordaland for den grundige og uvanleg gode oppfølginga
i samband med at Voss herad har føreslått privatisering
av kommunale vegar – deriblant Rasdalsvegen.
Gjennom heile prosessen har avisa vist eit engasjement og ei journalistisk grundigheit som har hatt stor
verdi for oss som anten bur eller har hytte i området. Forsider, dobbeltsider, reportasjar frå protestmøtet
i Rasdalen og personlege intervju har løfta saka fram i det offentlege rommet på ein måte som elles ikkje
ville vore mogleg.Særleg vil eg framheve korleis redaksjonen tok ansvar då heradet ikkje svara på
purringar i etterkant avhøyringsinnspela. At avisa då valde å gå vidare med eigne undersøkingar –
utan
å bli beden om det – viser ei presse som tek samfunnsoppdraget sitt på alvor.
Sjølv om saka enno ikkje er endeleg avgjord, er det liten tvil om at den grundige
dekninga har hatt mykje å seie. At privatiseringa av Rasdalsvegen no er utsett,
skuldast heilt sikkert fleire forhold – men avisa si tydelege og vedvarande oppfølging
har
utan tvil vore ein viktig del av biletet.
og
for at de har stått på for openheit, innsyn og ei opplyst lokal offentlegheit.
Helsing Arild Skjelbred
Koordinator for Rasdalen grendalag i vegsaka