Informasjon om kontigenten i Rasdalen grendalag
Informasjon om medlemskontingent i Rasdalen grendalag
Først er det å seia at innbetaling av kontingent har kome
seg i løpet av det siste året, og det er positivt.
Det er også kjekt at det er kome til nokre nye medlemmer.
Når det gjeld dette med husstand- og enkeltmedlemskap, har me diskutert det i
styret, og vil koma med ei presisering :
Når dei unge i huset flyttar ut og etablerer seg, lyt dei sjølve betala anten husstandsmedlemskap eller enkeltmedlemskap.
Det vil seia at dei då ikkje lenger kan «henga seg på» medlemskapen til
foreldra.
Så oppmodar styret om at alle som har tilhørigheit til Rasdalen, melder seg inn i grendalaget.
Sjølv om det er fleire som ikkje brukar badet på grendahuset, så er det likevel viktig å støtta opp om det arbeidet som vert gjort.
Og i desse tider med trussel om privatisering av Rasdalsvegen, er det om å gjera
at me er mange som står samla.
Kontingenten har lenge vore 300 kr for husstand og 150 kr for enkeltmedlem.
Styret har ikkje planar å auka kontingenten, men me håpar då at alle er flinke
med å betala, og også at me kan få nokre fleire med i grendalaget.
Rasdalen grendalag/v Terje Rasdal