|
Rasdalselvi Rasdalselvi kjem or eit lite vatn uppi fjellet, som kallast for Vampavatnet. Det er ikkje noko stor elv, um sumaren naar det hev vore lenge turrver, so er det ikkje meir enn so mykje her er slipevatn. Men no vil dei til å regulera elvi, og setja upp elektrisitetsverk. Ein ingeniør fraa Kristiania, var her uppe i fleire dagar og rekna ut kor mykje kraft dei kunde faa, og antakeleg kor mykje det kostar. Dala-vatnet vil dei demma upp, og så slaa tunnel or Skarafossen og inn under vatnet, men kva tid dette vert er ikkje godt aa vita. Sume trudde visst dei skulde til aa regulera paa elvi strakst, og naar gamlingarne møttest, so var det kje anna enn elvi dei snakka um. Ja det skulde være greidor. For det fyrste fikk dei fin veg upp, og so fekk dei so mykje for elvi, at dei kunde sitja akkuratt som kaksar paa gardane sine og sleppa gjera noko sjølve, alt arbeid vart gjort med elektrisitet, jamvel gyngestolen som dei sat i gjekk med elektrisitet, daa vart det moro og liva. Automobil kom kvar mann til aa kjøpa seg, so dei kunde koma snart fram. Naar gutane skulde paa sjau, so kjøyrer dei i bil, og likeiens naar dei skal paa drysp. Ja daa vert det ikkje slik som no, her i Rasdalen, berre det ikkje vert for lenge aa venta. Rasdal i juli 1909 ---- Nykken....
|