Fleire kommunale vegar i Voss herad kan verta private. Dette kom fram på eit heradsstyremøte tidleg i mai. Det er til saman snakk om 18 kilometer med kommunal veg. Lengste strekkjet er 4,5 km av Rasdalsvegen som går frå E16 ved Bolstad og sørover Rasdalen til Rasdalsvatnet.

På omklassifiseringa meiner heradet å kunna spara rundt 1,5 millionar kroner årleg i driftsbudsjett, 370.000 av desse for Rasdalsvegen.

RASDALSVEGEN: Bortsett frå ein snutt i sør, heilt nær E16, er store delar av Rasdalsvegen føreslått omgjort frå kommunal til privat. Foto: Voss herad

 

 

Kriterium for kommunale vegar som kan vurderast omklassifisert til private vegar:

Dette får grendafolket, både fastbuande og hytteeigarar, til å reagera sterkt.

Grendalaget har sendt brev til Voss herad, der dei skriv:

«Rasdalen grendalag vil på vegne av fastboende, grunneiere ellers og hytteeiere, gå sterkt ut mot privatisering av Rasdalsvegen, som har vært driftet kommunalt siden den ble ferdigstilt i 1954. Vi kan ikke se det annerledes enn at veivedlikehold primært sett er og må forbli en samfunnsoppgave».

– Avhengig av vegen

– Eg er avhengig av vegen, kvar dag, heile året. Som grunneigar har eg ikkje råd til eller tid til å halda han ved like. Det kan bli store summar for meg, seier grunneigar og sauebonde Frode Tufte.

Annonse

Han fortel at han nyttar vegen kvar dag for å koma seg på arbeid i Voss sentrum, der han jobbar på Kiwi-butikken på Vangen.

FRUSTRERT: – Som grunneigar har eg ikkje råd eller tid til å vedlikehalda heile året rundt. Foto: Åshild Sorteberglien Ljones

Tufte fryktar aller mest vinteren.

– Du synest kanskje det var litt kronglete opp i dag, men berre prøv deg på islagt veg om vinteren du, seier han frustrert.

Om Voss herad lukkast med å avhenda vegen til private, må brukarane av vegen finna ei anna løysing for vedlikehald og brøyting.

I haust skal Voss heradsstyre ta stilling til Rådmannen sitt forslag om å avhenda kommunale vegar til private.

Grendalaget har talt opp kor mange som vert ståande utan offentleg veg om Rasdalsvegen vert gjort privat.

■ 3 fastbuande fordelt på 2 gardsbruk, med driveplikt og buplikt

■ 2 gardsbruk med driveplikt, ikkje buplikt

■ 2 gardsbruk utan driveplikt og buplikt

■ Om lag 40 hytteeigarar

BRATT: For å koma til Rasdalen køyrer ein opp Rasdalsvegen frå Bolstad. Foto: Åshild Sorteberglien Ljones

Krisemøte

Fredag kveld førre veke var det møte i Rasdalen grendelag sitt hus, som ligg i Nedre Rasdalen.

Inne i grendahuset er det fullt. Nærmare 45 engasjerte menneske, i alle aldrar, har tatt turen. Dei fleste er hytteeigarar, tre er fastbuande.

SAMLINGSPUNKT: Grandahuset i Rasdalen var tidlegare skule. Foto: Åshild Sorteberglien Ljones
GRENDALAGET: Eit samla grendalag er einige om at rasdalvegen ikkje kan privatiserast. Her med ein engasert Terje Rasdal i front. Foto: Åshild Sorteberglien Ljones

– Dette er eit krisemøte, startar Terje Rasdal som er fødd og oppvaksen i Rasdalen, før han gjev ordet vidare til leiaren av grendalaget, Arild Skjelbred.

– Eg er så gripen av dette at det er best eg sit, seier Skjelbred med dirrande røyst.

– Eg har sendt over 40 e-postar med eit brev til heradet klokka 07.30 i dag, for å vera sikker på at dei får beskjeden. Me ser jo at det har vore tull og tøys der med Bømosaka og «gløymde dokument», seier han til møtelyden.

E-posten gjekk til ordførar Tonje Såkvitne og mange andre lokalpolitikarar i Voss heradsstyre. Rådmann Martin Kulild, teknisk sjef Hans-Erik Ringkjøb og fleire andre heradstilsette har også fått e-posten. Og dei fleste tilsette i avisa.

I brevet listar dei opp ei rekkje argument for kvifor vegen må bli verande kommunal. Mellom anna:

■ Tryggleik og vedlikehald: Rasfarleg veg som krev brøyting av 4,5 km veg, dagleg gjennom vinteren.

■ Økonomiske utfordringar: med auka kostnadar for fastbuande og hytteeigarar, som kjem i tillegg til eksisterande kommunale utgifter.

■ Verdien av tilgjenge for ålmenta: Vegen er ankomst til DNT-merkt løype til Bergsdalen.

■ Gardsbruk med bu- og driveplikt: Ifylgje Voss herad sitt saksdokument er det ikkje fastbuande i Rasdalen, dette er ikkje korrekt, skriv grendalaget. «I Rasdalen er det pr dato 3 fastboende fordelt på 2 gardsbruk med bo og driveplikt, i tillegg har to gardsbruk driveplikt, men ikke boplikt.», skriv dei i brevet.

Både Frode Tufte og ekteparet Aslaug Skålnes og Bjørn Magne Bjørgum bur inst i Rasdalen, ved Rasdalsvatnet.

– Kva tenkjer du som fastbuande i Rasdalen at det kjem fram i sakspapira til Voss herad at det ikkje er nokon fastbuande i Rasdalen?

– Det er den store feilen til Voss herad. Eg er fastbuande i Rasdalen. Elles lurar eg på kva eg har gjort der dei siste 50 åra, svarar Tufte.

KAMPKLAR: – Eg skal ikkje gje meg, seier leiar i Rasdalen Grandalag, Arild Skjelbred. Foto: Åshild Sorteberglien Ljones

– Me vil aldri kunna dekka vedlikehald og avgifter. Me må stoppa dette. Rasdalberget rasar. Det er skummelt. I 2011 var vegen stengd i ein og ein halv månad på grunn av ras, det kosta 1,5 millionar. Må tre fastbuande bli ansvarlege for slike summar? Det blir ei steinrøys ned til Bolstad om nokre år om me ikkje stoppar dette, fortel Skjelbred.

Redde hytteeigarar

Hytteeigar Per Jansen tok ordet under møtet:

– Eg vart sjuk, det kunne vore veldig alvorleg. To ambulansar kom opp og henta meg på hytta her i Rasdalen. Om det ikkje er skikkeleg veg så kjem ikkje større bilar opp. Det gjekk heldigvis bra for meg, no har me jo førebels veg, seier Jansen.

TIL KAMP FOR VEGEN: Mange møtte opp til møtet i Rasdalen grendalag fredag kveld. Foto: Åshild Sorteberglien Ljones

– Om det brenn så har me eit kjempeproblem. Er det ikkje brøytt opp, så kjem ingen opp eller ned, skyt Terje Rasdal inn.

Ein annan hytteeigar som var til stades på møtet var den tidlegare fotballspelaren Alf Inge Haaland, far til verdsstjerna Erling Braut Haaland.

Familien har hytte i Rasdalen, og Alfie Haaland er med på kampen mot privatisering av vegen.

– Tusen takk for det du gjer for oss, Arild. Det set me utruleg stor pris på, seier hytteeigar Haaland.

HYTTEEIGAR: Alf Inge Haaland er ein av hytteeigarane som vert råka av privatiseringa. Her fotografert på hytta i Rasdalen ein del år tilbake i tid. Foto: Geir Geitle

Berit Lygre reiser seg og snakkar til grendelaget sitt:

– Det var spørsmål her om kva me vil mista, eg vil då snu litt om på det å spørja: Kva vil Voss herad mista? Kulturlandskap, kraftverket «Småkraft AS» som treng jamleg ettersyn, utruleg mange kvalitetar som ikkje vil kunna bli nytta for folk som elles nyttar seg av vegen. Det er Voss herad som kjem til å mista noko, ikkje berre enkeltmenneske i Rasdalen.

Annonse

Vert teke med i vurderinga

Hordaland har kontakta fungerande ordførar Benedicte Kragh (Ap) om situasjonen i Rasdalen. Sidan saka ligg ute for høyring vil ho ikkje kommentera enkeltsaker, og kva dei eventuelt vil ta stilling til. Ho seier at det er lagt fram forslag til innsparing i heradet og så må dei fyrst sjå på alle høyringssinnspela før dei går vidare med enkeltsakene.

– I Voss herad si saksutgreiing står det at det ikkje er fastbuande i Rasdalen, men det er tre stykk. Fell då grunnlaget for privatisering bort, i forhold til kriteria?

– Det er administrasjonen som legg fram saka for oss, så då må me sjekka med dei. Om forslaget er på feil grunnlag, så må me ta stilling til det og det blir tatt med vidare i vurderinga, svarar Kragh.

Det same spørsmålet angåande fastbuande i Rasdalen stiller Hordaland til fungerande rådmann Mette Matthiessen. Dette svarar ho på e-post:

– Grunnlaget for privatisering fell ikkje automatisk bort, men dette vil verta teke med i vurderinga vidare.