HAUSTEN

No har skogen kledd seg i si haustdragt, trei staar og ventar paa at ein storm skal koma og røva deira fargepragt. Det tonar der ute i dei finaste farger, det vekslar med raudt med brundt, med gult og med grønt.

Vakrare farger enn vaaren kann framvisa. Graset staar ikkje so grønt, og eig ikkje meir sin friskgrønne farge. Men i morgonsoli sin glans, naar rimdiamanter glinsar paa dei forkrøkla straai, breider det ein finleik yver seg, som ingen kunstnar kann framvisa.

Sakte ristar bjørki av sitt lette lauv, og dekkjer marki med det varmaste teppe. Fura stend stal og ser paa bjørki si ødselheit, og dei andre trei kor veike dei er. At kvart lite vindpust kan tvinga dei tl aa gjeva fraa seg det fine lauvet sm heile sumaren hev vaare deira stolt-heit.

Snart glir soli langsamt ned i vest, einsam staar skogen tilbakers.

Rasdal den 14/10 - 1919

A.R