JOLEMORRO

Paa siste möte ungdomslaget hadde fyre jol, var det bestemt me skulde hava, joletrefest andre joledag. Det var noko alle tykte gildt um, og endeleg kom no dagen som alle oss unge gledde os til. Fint ver var det, kanskje litt for kaldt ellers var det ingenting aa segja um korkje ver eller före i so måte. Kl 4 samlast me, og daa hadde alt festnemdi pynta treet og var i full ikse med og koka chocolade og laga smørebrød.
Med var bedne velkomne og viste inn i stova, der me ganskje stragst byrgja gaa um treet. Daa me hadde helde paa med det ei stund fekk med paabod um og gaa til bords , gjentorne skulde invitera, og det gjorde dei baade fort og grudt. Det var og mest skamsprengja seg med og drikka chocolade fyr me fekk lov koma fraa bordet att, men det gjekk daa betre enn vani var, um ei kort stund byrja me til og gaa um treet att, ein og annan hadde drukke litt for mykje, dei var vartne so lettliva men det seig naa snart av. Lidt paa kvelden kom formannen innmed ei mengd smaapakker som var heldne auksjon paa, og dei vart betala svært godt, for der var ikkje sprækt innhald i dei. Det vart jmvel betala "havannen kruna og femti"for ei tom papir øskja. Det var andre gongenho var paa farten, fyrst vart ho seld, tømd for innhaldet so selde dei ho paa nytt lag, og utan att dei som daa baud paa hadde merka forandringen.
Etter auktionen vart joletreet utbore og so vart der spelt upp og dansen byrja. Dett gikk lett og livat, allerbest dansa gutarne naar dei fær "Damernes bytar" leid. Paa natti, skulde me til bords att og denne gongen fekk me baade kaffi og chocolade som vart blanda saman til sume. Verst var det for "pikernes jens", gjentorne kappast um og mata han med bollar og chocolade, kaffi aa sukker. Den "Pikernes jens" det er no den beste skrue i hele laget, sers glade er alle gjentor i han-----
Hadde ikkje han vore med i laget so hadde der ikkje vore halparten so mykje liv, for det er gut som er spretten det. Og so er han so mykje makelaus snild og god med alle gjentor, difor er det vel dei kallar han"Pikernes jens"
Ja det var ein riktig hugnadleg fest fra fyrst til sist, tykte eg, kl 5 um morgonen vart det slut og det var no so mykkje me kom oss heim fyrr gamlefolket stod upp-----X----X

Forfatter ukjent - bladstyrer var Ida Rasdal - 3 januar 1920