Paa veiding.

Hausten var komen. Og den lovlige var begynt og eg hadde dag for tengt meg på veiding; men det hadde ikkje vorte noko av det.

Men i morgon hadde eg tengt aa reisa , men so matte eg hava amunition og proviant med, for eg hadde tengt aa vera burte nokre dagar.

Um kvelden pakka eg i sekken, alt det sum kravtest, kaffi, kjøt, smør og brød pg potetor. Og dertil 10 kilo mjøl, og gryto og

kaffikjel, og saa en god varm sovepose.

 

Eg var tidleg uppe om morgonen; og drog av stad kl 4 for eg hadde tung byrd. Gryta og han Svarte - lars hang bakpaa og slang.

Daa eg kom uppaa fjellet sette eg meg ned paa ein knaus for aa skjota pusten, aa so godt det var aa draga inn den friske lufti uppe paa fjellet;

og sa maatte eg eta lit av nista mi; og kvila meg godt ut. Men best som eg sat der, høyrde eg noko rar kvining bakom meg, og eg

fata byrsa med det same, og snudde meg heltum; og fekk med det same sjaa noko som rørde paa seg bortum ein stein.

 

Og eg brende laust, og daa eg kom burti, fekk eg sjau at det var ei stor mus som eg hadde eg skote i fillar. Men so harmeligt; eg tengte

so vist at det hadde vore ein hare.

 

Men so rusla eg lengaer innover knausarne, og best det var fekk auga paa noko kvitt, som laag bortunder ein stein. Og eg kraup paa alle fire

burtyver marki, for aa koma i føre med det vesle dyret. Og daa eg var komen so ner det at det var umlag 10 meter fraa, fyrte eg laust, og

daa eg kom burt og skulde sjaa; var det ein røysekatt eg hadde skote i fillor. Men du saa harm eg vart daa eg saag eg hadde skote sundt det

dyre skinnet. Eg vart so harm at eg hengde han upp etter rova og skaut minst 10 skot paa han, og daa rusla eg lenger inn yver fjellet.

Og det vart ikkje lenge fyr det flau upp nokre rjupor; som eg skaut etter paa flukt, og dei dat ned alle sammen, men daa eg kom burt og

skulde taka dei, viste eg ikkje ordet av  fyrr dei flaug til kvar sine kantar, men den eine vart liggande burt paa ei stor tjørn, men dei andre

saag eg ikkje meir til.

 

Eg grunde lenge paa kor eg skulde faa fat i rjupen som laag  og flaut utpaa tjørni. Til aa klæ av seg og symja burt til rjupa var ikkje aa

tenkja paa, for det leid langt paa hausten og vatnet var kalt. Men lukka var at det blæs lit paa tjørni, so rjupa kom siglande beint til meg,

daa vart eg glad for eg hadde fengje ei ei rjupa, men so hadde eg ikkje meir enn tre skot att i luma.

 

So rusla eg upp paa ein haug, der eg hadde god utsyn. Der vilde eg koka kaffi, men der var lite ved aa finna, so eg matte burt i ein dal

burtonfyre. Daa eg kom burt te eit kjørr og skulde til aa hogga, vart eg var noko svart burti ei krake. Og lukka var at eg hadde byrsa med,

aala til aa skaut ; det smal som det sa seks. Eg rusla burt og skulde sjoa, daa var det ein svart sau eg hadde skote, daa vart eg glad for eg

tengte på den gode steiki. So flaade eg han og lema han sund og la han i gryta med det same, og slo vatn paa, og snart kokte det som

det bobla i gryta.

 

Men best det var kom det ei ørn skjenande upp i lufte, hu hadde kjent lukti av det gode kjøtet, og tengte ho skulde faa seg eit godt maal.

Eg fata byrsa, og daa ho var mit aaver meg, la eg til aa skaut; og den store fuglen kom dalande ned og trefte so mir i gryta, so drevet stod

til alle kantar. Gryta og han Lars for paa trilt nedyver, og ut fot ein høg hamar og alt kjøtet og gryta gjekk i hundrad stykke.

Men ørni hadde eg att, men so hadde eg fengje nok nokk av den turen og rusla heim.