Rasdalsliv.
Veret i sumar
Sumaren i det herrens aar 1919 er i ei tid som lenge vill hanga i minnet. Mest alt magerligt var paa ein kant; men veret var naa aller verst. Ja det var no alt i vaar, det byrja paa den galne sida, fær ein enja; for daa me skulde havt regn, var det berre sol, so ein mann sa eingong at myki hans vart so turr ho spratt i auga. Solskinne varde mest til Jonsokk, daa endelig kom det regn, og det var ikkje for tidligt; for graset var daa sume stader byrja svida. Men sidan regnet kom, voks det so det berre gaulte.
Det var ikkje lenge fyrr det vart sol ute, og folk byrja slaa. Nu ja, det viste seg aa vera svert fin eng;men det var nokk den kunsthævdi aa takka det, som gamlingane i vaar kjøpte aa dragsa up. Ho saag ut mest som mjøl, og dei kalla det Salpeter, ho skulde ellers udra verka paa ein stad som heiter Kjele, i Sudamerika. No ja, engi var fin, og folk peiste paa og slo, so dei var galne, og det var so varmt at graset vart turt etter kvart det kom av raki. Det gjekk i ei slik fykande fei, at ein viste ikkje arsl av fyrr engi var komi i láda. Ja det kom sandelig vel med; for godveret og varmen blei det snart ende paa, alt siste dagane av juli bytt det um og siden var det berre regn, regn, ustanseligt. Var ein fyrr turka so ein var mest som turrfiskar, so fekk ein jammen bløyta seg att, ja um ein heile dagen hadde læge aa plaska uti dala-vatnet, kunde ein ikkje vaare vaatare.
Men aa faa slippa vera ute , var ikkje aa tenka paa,gamlingane vilde ha slottarne nedslegne dei, men jau fekk dei lida lenge. Høyet vart liggjande til hausten kom, daa vart det no av og til ein upphaldsdag, og daa gjekk det paa livet laust med med høying. Haane stræva og mange vert lenge med, før dei fekk høy inn, og sume drog ho i kabbe.
Kornet laut dei taka inn halvturt; med det kan no ikkje segja so mykje i aar, folk fær kvitingmjøl fraa Amerika, so dei slepp mala paa havrekorn.
Potetorne gjekk det fort med,og veret var ganske lagligt mens folk bala med dei. Men kor ufyse veret var i sumar, so var mest alle folk paa stølen med krøteri sine. Ja aa taka seg ein tripp paa stølen, er noko av det gildaste sem er, der var svert gilde buddeier derinne, og gode rjomekollor.
Mange andre fine gjentor reiste ogsaa paa stølen, baade laurdags og sundagskvelldarne, so gutarne likar seg, der var nøgdi fikt aa faa. Det var no stundom svært aa taka seg innyver i allslags ver og vind; men det laut til likevel.
Mykje byfolk hev her ogsaa vaare heruppe i sumar, og dei var noksa tidige og trivelige aa vera i lag med. Dei var med oss på st.Hans festensume av dei, der dei spela paa gramafon, og daa vart det okso dansing. Ja dansa, det hev me gjort munaleg i sumar, men det er tje so gale det, det er god gymnastikk, og ein vert aldri trøyt av det . Ja dansa skal okso vera godt for gikt, so dersom gamlingarne istadenfor aa rengja augo etter oss, vilde vera med og taka seg ein svingum, so vilde dei yngjast uppatt paa ei kort stund.
No denne veka hev det vaare munarligt kalt, det er nokk vinteren som stundar til no. Isen er alt byrja leggja paa Dala-vatnet, so det vert vel ikkje lenge fyrr komidiarne byrja til att, ja daa vert det utrulegt mang aa faa sjaa.
Den 18/10 1919
"Gjentesjauar"