Etter høyringsrunden i fjor ville rådmannen framleis privatisera 28 kommunale vegar for å spara 712.990 kroner årleg.
Dette er om lag halvparten av vegavdelinga sitt sparemål på 1,5 millionar kroner
Politikarane ville det likevel annleis, og formannskapet innstilte på å utsetje heile saka.
I heradsstyret landa fleirtalet på eit anna vedtak.
– Legg store utgifter på få
Samson Hamre (Sp) meiner kommunar «ber om bråk» når dei ynskjer å privatisera vegar.
– Det er eigentleg ein prøvestein på om den norske modellen fungerer. For her tek me rettar frå og tillegg store utgifter på dei få ute i distriktet. Me skriv til og med i saka at desse pengane treng me til nye vegar som er etablert i samband med utbygging. Kvar skjer det? Hovudsakleg meir sentralt, sa han.

Han hevda at administrasjonen har heilgardert seg og med det har funne grunnlag for å privatisera det dei vil. Hamre viste til at dersom eitt av kriteria for omklassifisering ikkje gjeld, så har ein kunna brukt eit av dei andre.
Kriterium for omklassifisering av kommunale vegar til private vegar
Vegar utan heilårs fastbuande. Med fastbuande meiner ein her at ein fysisk må bu i ein bustad som matrikkelen har definert som bustad
Vegar med låg trafikkbelastning (til dømes stikkvegar)
Vegar som ikkje er nytta til allmennyttige formål/interesser (til dømes tur/friluftsområde)
Bakgardar/gatetun/blindveg
Kjelde: Voss herad
– Dersom du gjer som heradet ber om, altså syklar og går, og har lite nok trafikk, så får du vegen din privatisert. Det er litt morosamt.
Ein fjerdedel av vegane
Han presenterte eit forslag der ein «berre klassifiserer» sju vegstrekningar til ei forventa innsparing på 146.698 kroner.
Desse er: veg til hyttefelt i Djønno, ein liten snutt av Rasdalsvegen, Skulegata, Bonangergata aust, Øvstedalsvegen, Bidnesvegen til Bidneshovden og Kolle
Omklassifiseringa trer i kraft frå 1. april.
Samstundes blir to av vegane på lista, Gamle Bordalsvegen og Eskelandsvegen forbi folkehøgskulen, gjorde om til offentlege gangvegar.

Resten av saka blir utsett i påvente av at nye kriterium blir utarbeidde – her har Senterpartiet kome med forslag:
Nye kriterium til drøfting:
A. Når eit kriterium er gjeldande kan ikkje andre kriterium nyttast til privatisering.
B. Vegar med heilårs fastbuande kan ikkje privatiserast. Med fastbuande meiner ein her at ein fysisk må bu i ein bustad som matrikkelen har definert som bustad
C. Vegar til landbruksnæring og gardsbruk i drift kan ikkje privatiserast.
D. Vegar til idrettsanlegg som stettar organisert barne- og ungdomsidrett kan ikkje privatiserast.
E. Vegar med låg trafikkbelastning (t.d. stikkvegar)kan privatiserast
F. Vegar som er nytta til fritidsføremål /almennyttige interesser (td. tur/friluftsområde,hyttefelt) kan privatiserast dersom dette er einaste føremålet til vegen. Alternativt kan vegen ha bompengar eller parkeringsavgift i kommunal regi. Dersom det er kombinerte føremål skal ikkje fastbuande ha avgift.
G. Bakgardar/gatetun/blindveg kan privatiserast.
Utsetjinga omfattar også dei fire private vegane som det er søkt om skal bli kommunale.
Støtta rådmannen sitt forslag
Forslaget møtte motstand frå Sp sine tidlegare samarbeidspartnarar Ap og SV.
Dag Sandvik (SV) snakka også om den norske modellen.
– Breie velferdstenester er under press, og me må prioritera hardt. Det er det som gjer saka så vanskeleg. Men eg kjøper ikkje at det er anten eller her.
– For meg er den norske modellen at alle skal med, svara Hamre.
Marit Wæhle, Ap, meinte at forslaget til Sp ville auka utgiftene til heradet.
– Eg tenkjer at framlegget frå rådmannen er eit innsparingstiltak som vil skapa like vilkår i heile heradet, og at det er den rette vegen å gå.

– Gjer det nesten umogleg
– Kriteria som no ligg som forslag gjer det nesten umogleg å privatisera nokon av vegane, sa Sondre Gjøstein, som leiar vegavdelinga til Voss herad.
Han peikte på at langs fleirtalet av dei kommunale vegane bur det anten folk, eller så er vegane knytte til landbruk . Vedtek ein forslaga til Sp, vert det tilnærma umogleg å nå innsparingsmålet, meinte Gjøstein.
Hamre svara at forslaga kunne vera eit utgangspunkt for vidare arbeid med kriteria, og var heilt klar over at det var moglegheiter for forbetring her.
– Dei nye kriteria som de jobbar gjennom og me tek ein runde til på, kan opplagt vera noko strengare.
Ny vegsak kjem truleg i 2027
– På utsetjingslista til heradet veit eg at det er vegar til allmennyttige område med mykje utfart, som det anten kan innførast bompengar eller parkeringsavgift i enden på. Det kan finansiera drifta, så eg ber om at det vert litt butikk på dette i heradet, la Hamre seinare til.
Benedicte Kragh (Ap) stilte spørsmål om når saka eventuelt kjem opp igjen, og korleis ein skal dekkja opp for midlane ein ikkje sparar på å privatisera vegar.

Fungerande rådmann Hans-Erik Ringkjøb forklarte at forslaget til Senterpartiet ville gjera at ein fyrst må laga ei sak om nye kriterium, før ein igjen må identifisera aktuelle vegar, senda dette på ny høyring og til slutt få saka opp.
– Dette vil ikkje bli gjennomført i år, for å seia det slik, sa Ringkjøb.
Han la til administrasjonen har lansert ein fase to, som er varsla å koma til hausten, for å nå innsparingsmålet på 1,5 millionar kroner. Dette avheng likevel av at nye kriterium er klare.
– På tide å verta ryddige
– Me meiner heradet har ei soleklar samfunnsplikt til å oppretthalda busetnad i heile heradet. Dei som bur langs desse vegane betalar dei same kommunale avgiftene og eigedomsskatten, og har forventning om å verta behandla på lik linje med resten av innbyggjarane i heradet, sa Terje Eide (INp).
– Det er på tide at me byrjar å bli litt ryddige. At me får kriteria på plass fyrst, og ikkje driv og plukkar enkeltsaker vilkårleg, lydde bodskapen til Iril Schau Johansen og Høgre.
INp, Høgre og Sp utgjorde saman med Venstre, KrF, MDG og Frp fleirtalet på 24 som røysta gjennom forslaget om å privatisera sju av 28 vegar i denne omgang.
Dette vart vedteke:
1. I medhald av veglova § 7 tredje ledd, jf. § 8 andre ledd, vedtek Voss herad å omklassifisere følgjande kommunale vegar frå 01.04.2026:
Veg i hyttefelt Djønno
Rasdalsvegen (Liten Snutt)
Skulegata
Bonangergata aust
Øvstedalsvegen
Bidnesvegen til Bidneshovden
Kolle
--
Gamle Bordalsvegen vert omklassifisert til gangveg
Eskelandsvegen forbi folkehøgskulen vert omklassifisert til gangveg
Omklassifisering av vegane vil gje ein forventa innsparing på 146 698 kr.
2. Rådmannen held fram arbeidet med omklassifisering av kommunale vegar for å oppnå innsparingsmålet på 1,5 mill. kroner. Heradsstyret ber om å få kriteria for omklassifisering opp som ny sak og ber om at fylgjande punkt vert vurdert:
A. Når eit kriterium er gjeldande kan ikkje andre kriterium nyttast til privatisering.
B. Vegar med heilårs fastbuande kan ikkje privatiserast. Med fastbuande meiner ein her at ein fysisk må bu i ein bustad som matrikkelen har definert som bustad
C. Vegar til landbruksnæring og gardsbruk i drift kan ikkje privatiserast.
D. Vegar til idrettsanlegg som stettar organisert barne- og ungdomsidrett kan ikkje privatiserast.
E. Vegar med låg trafikkbelastning (t.d. stikkvegar)kan privatiserast
F. Vegar som er nytta til fritidsføremål /almennyttige interesser (td. tur/friluftsområde,hyttefelt) kan privatiserast dersom dette er einaste føremålet til vegen. Alternativt kan vegen ha bompengar eller parkeringsavgift i kommunal regi. Dersom det er kombinerte føremål skal ikkje fastbuande ha avgift.
G. Bakgardar/gatetun/blindveg kan privatiserast.
3. Voss herad utset handsaminga av vegane lista opp nedanfor, som er søkt frå privat veg til kommunal veg, jf. sak 24/10014, og ber om at dei vert vurdert opp i mot kriteria for omklassifisering av kommunale vegar.
- Kalandsvegen
- Tyssevegen
- Hyljaråsvegen
- Bulkovegen
4. Omklassifiserte vegar skal vere opne for naudsynt ferdsel, mellom anna for utrykkingskøyretøy, post- og renovasjonstenester, heimesjukeleie og skuleskyss.
5. Rådmannen får fullmakt til å gjennomføre naudsynte administrative og tekniske tiltak knytt til vedtaket.
Kjelde: Voss herad

Vegsaka kan få konsekvensar for kirurgen: – Då kjem eg meg ikkje på vakt

Kommentarer til denne saken