Saka om privatisering av kommunale vegar kjem opp i den kommunale møterunden neste veke.
Det ligg an til omklassifisering av ei rekkje vegar, men Rasdalsvegen er éin av fire vegar som i fyrste omgang får utsett avgjerda.
Det har kome sterke innvendingar både frå Bolstadøyri Grendalag og frå Rasdalen grendalag til framlegget.
– Vegen er avgjerande for busetnad, hytteeigarar, turistar og tilgang til viktige turområde. Han er òg nødvendig for drift av Rasdalen kraftverk og som beredskapsveg, framhevar grendalaget på Bolstad.
Har tre fastbuande
Frå før er det kjent at reaksjonane i Rasdalen grendalag er sterke, og at dei meiner vegen må bli verande kommunal slik han har vore sidan 1954.
Rådmannen peikar no på at opplysningar syner at det bur tre fastbuande langs eller i enden av vegen.
Samstundes har vegen låg trafikkbelasting, og slik sett kunne vegen blitt privatisert etter det kriteriet.

For heradet er det dessutan viktig at vegen med si lengde på 4,4 kilometer ville gjeve heradet ei vesentleg økonomisk innsparing.
– Treng ytterlegare avklaringar
– Sjølv om vegen kan vurderast omklassifisert med grunnlag i kriterium 2, vurderer rådmannen at det er behov for ytterlegare avklaringar knytt til vegen. På denne bakgrunnen rår rådmannen til at omklassifisering av Rasdalsvegen vert utsett til neste runde med omklassifisering, går det fram av utgreiinga framfor møtet.
Derimot går rådmannen inn for å privatisera ein liten snutt på 163 meter som er ein stikkveg frå Rasdalsvegen, utan fastbuande.
Saka om privatiseringa kjem opp både i Utval for næring og kultur og deretter i Voss formannskap neste veke.
Voss heradsstyre tek den endelege avgjerda torsdag 26. mars.
Dei tre andre vegane der rådmannen går inn for å utsetja avgjera, er ein del av Såkvitnevegen i Granvin, Strindeskleivvegen med sideveg, også han i Granvin, og dessutan Hesgiljane som ligg i Folkedal.
Endrar tilrådinga på Tvildemoen
Den einaste vegen der framlegget faktisk blir endra, er Oberst Bulls veg på Tvildemoen.
Her er det snakk om 147 meter veg som fører inn til Voss Vind AS. Verksemda har protestert kraftig, og meiner framlegget er rettsstridig og basert på mangelfullt faktagrunnlag.
Her går rådmannen inn for å halda vegen oppe som kommunal veg, fordi det i gjeldande reguleringsplan er lagt til grunn at vegane innanfor planområdet er offentlege vegar.
For 26 andre vegar går rådmannen derimot inn for å omklassifisera vegane til private. Dette omfattar i alt 10,034 kilometer med veg.
Innsparinga for heradet er venta å bli 713.000 kroner årleg.
Dette er langt unna målet om innsparing på 1,5 million kroner årleg, og arbeidet med å oppnå det målet skal halda fram.
Desse vegane blir føreslått omklassifiserte:
- Skaftedalsvegen
- Skjervsvegen (245 meter)
- Nesheimsvegen
- Dalevegen (Espelandsvegen)
- Hausevegen
- Hausnesvegen
- Smidjevegen i Folkedal
- Del av Folkedalsvegen
- Gamle Kvanndalsvegen
- Tjoflotvegen ned mot kai
- Veg i hyttefeltet Djønno
- Taskjelle
- Medås
- Langedalsvegen
- Huldahaugen (265 meter)
- Nedre Kløve
- Skulegata
- Bonangergata aust
- Brekkevegen
- Eskelandsvegen forbi Folkehøgskulen
- Gamle Dyrvedalsvegen
- Geitlevegen
- Øvstedalsvegen (246 meter)
- Kolle
- Sideveg Steinsvegen
- Bidnesvegen til Bidneshovden (387 meter)
Dessutan føreslår rådmannen å omklassifisera ein del av Gamle Bordalsven til gangveg.
Her kan nemnast at for to av vegane, føreligg det alternative tilrådingar frå rådmannen om ikkje å tilrå omklassifisering. Desse er Skaftedalsevegen og Langedalsvegen der det begge stader er omsyn til allmenn ferdsel, friluftsliv og tilgjenge for grunneigar og tilreisande.
I tillegg opnar rådmanen for å omklassifisera Eskelandsvegen til gangveg som alternativ tilråding.
Søkjer om kommunal veg
Med til historia høyrer det at dei folkevalde også skal ta stilling til nokre søknader frå personar som eig private vegar og som ynskjer å få dei omgjort til kommunale vegar.

For alle desse fire vegane tilrår rådmannen at dei må halda fram som private:
- Kalandsvegen
- Tyssevegen
- Hyljaråsvegen
- Bulkovegen
Her kan nemnast at Tyssevegen er 4,5 kilometer lang og går til grenda Tyssen ved Bolstadfjorden.
Vegen er tilkomst til fleire heilårsbustader og gardsbruk, med aukande busetnad, næringsverksemd og behov for trygg skuletransport.
Heradet får jamleg nye vegar
Parallelt med at heradet ynskjer å kvitta seg med vegar, får dei jamleg tilført nye vegar.

Døme på vegar som er tilført Voss herad siste tida, er fylgjande:
- Del av Gamle Bavallsvegen
- Fyrste delen av Nyresvegen
- Vegar i Istad industrifelt
- Regimentsvegen til brannstasjonen
- Mønsvegen
- Veg til Stalheim hotell frå E16
- Peter Bondes veg

Rasdalen grendelag med skarp kritikk: – Tilliten til Voss herad sviktar

Fryktar forslaget til heradet: – Me må stoppa dette


Kommentarer til denne saken