Rasdalen Øvre Rasdalen Rørbakken Ymse
Nedre Rasdalen Knutbruket Nigarden Kvernar og sagbruk
Nils og Knutbruket Tufte Oppigarden Stølane
Jakob bruket Lars og Maribruket Holo Den gamle vegen
Larsbruket På kyrkjeveg
Maribruket Rasdalen ungdomslag
Daghaugen - Aspehaugen Skulen
Rasulukka i Rasdalen
Dei som reiste til Amerika
Skulen i Bolstadgrendene
Hyttebygging i Rasdalen

RASDALEN

Rasdalen ligg sør for Bolstad. Rasdalsberget stig bratt opp, og ved fyrste augnekast ser det ikkje ut som det kan vera nokon busetnad oppi der, men så ser ein vegen som ei smal stripe høgt oppe. Fyrst går vegen i 8-9 svingar opp gjennom lia med utsyn mot fossen som har gjeve dalen namn. Gjennom Berget går vegen i fjellsida med eit stup på over 200 m under og eit bratt berg over.                         

Litt ovafor vidar dalen seg ut, og ein kjem opp i nedre Rasdalen eller Nerjorda (300 m.o.h.). Her ligg tre gardsbruk etter kvarandre langs elva. Innafor gardane kjem ein til skulehuset, som folket i dalen har fått til grendahus.

Siste delen av vegen opp til øvre Rasdalen, eller Dalen, er skoten ut gjennom Skarahamrane. Så kjem ein opp på Skaret og har utsyn over Rasdalsvatnet (360 m.o.h.) og dei tre bruka langs dette. Garden Tufte ligg 100 m høgare opp i lia på nordsida av vatnet.

Køyrevegen, som er 5 km lang, sluttar innafor bøane i øvre Rasdalen. Går ein vidare innover stigen, kjem ein fyrst til Holo (eitt bruk), og så til Rørbakken, eller Bakkjen, med to bruk. Rørbakken ligg ca 2 km frå øvre Rasdalen og ligg 500 m.o.h. Eit par km lenger inne "stengjer" Gaverfjellet (Gavlfjellet) dalen. Oskarselva og Vetlelva renn ned på kvar si side av fjellet. Der Rørbakkastølen ligg, møtest dei to elvane og vert til Rasdalselva.

Namnet Rasdal har ikkje noko med ras å gjera. Dalen har som nemnt fått namn etter den høge fossen nedafor gardane. Fossen heitte i gamal tid Hradall, som tyder "den snøgge", "han som skundar seg" eller "skakaren". Seinere fall H vekk, og dalen vert heitande Radallsdal, som etterkvart vart samandrege til Rasdal. Dei eldste skriveformene, Radals dal og Radalls dall, finn me i Bjørgynjar Kalfskinn frå ca 1360 (register over jordegods som tilhøyrde Bjørgvin bispedøme). På 1600-talet vart det skrive Rossdal og Rasdahl, i 1723 Rasdall. Namnet Rørbakken kjem truleg av røyr i tydinga røyrgras og bakke.

I Rasdalen har det nok vore busetnad frå jernalderen. Det er gjort funn frå den tida i bygda, og Rasdalen ligg ikkje langt frå fjorden. Ei segn seier at Rørbakken er eldste garden, og at ein fredlaus kom over fjellet og slo seg ned der. Men det er like rimeleg at folk kom til dalen nedanfrå.

I skriftlege kjelder er dalen fyrst nemnd i Bjørgynjar Kalfskinn. Presten i Stamnes hadde då inntekt av Gard(ar) her. Det same hadde kyrkja, som åtte eit halvt månadsmatbol i Rasdalen. Månadsmatbol var jord som gav ein månadsmat (mat for ein mann i ein månad) i landskyld. I fyrste halvdel av 1300-talet var dette verdsett til 1 laup = ca 15 kg smør, og leiglendingen i Rasdalen måtte truleg ut med 7-8 kg smør eller tilsvarande verdi i andre varer.

Øvre og Nedre Rasdalen. Foto: Arild Skjelbred  sommaren 1979 (biletet er identisk med Knut Hjørnevik sitt svart/kvitt bilete)

Under Svartedauen døydde truleg mesteparten av folket i dalen ut.  Dette kan ein seia fordi pesten gjekk særleg hardt utover avsidesliggjande grender, og fordi folketeljinga i 1664 klassifiserer gardane som halvøydegardar (dette var ei skatteinndeling, men kan og tyda på at gardane har lege øyde).

Men dalen vart folkesett på nytt, og nedafor er eit oversyn over folketal og talet på gardsbruk gjennom tida:

ÅRSTAL

TALET PÅ GARDSBRUK

FOLKETAL

1664 4

ca 12

1701 5 + 1 husmannsplass

ca 25

1801 5 + 1 husmannsplass

ca 45

1850 6 + 2 husmannsplassar

ca 50

1910 9

ca 60

1950 10 (7 i drift)

ca 38

1990 10 (3-4 i drift)

ca 8

På 1800-talet ser folketalet ut til å ha halde seg nokolunde jamt mellom 45 og 55. Barneflokkane var store, men mange reiste til Amerika

til innhold

 

Nedre Rasdalen (Nerjorda) gnr.409   til innhold

Husa på dei tre bruka låg i samme tunet til utskiftinga av innmarka i 1935. Då vart husa på Nils-bruket (bnr.1) flytte inn på Haugen. Stovehuset på Knut-bruket (bnr. 2) vart rive og bygt oppatt som hytte. Det var bygt ny løe litt unna det gamle tunet før utskiftinga. På Jakob-bruket (bnr.3) vart huset ståande i tunet, men det er ikkje noko att av dei gamle husa no.

Det var presten og andre storfolk, m.a. borgarar i Bergen, som åtte gardane før bøndene vart sjølveigarar. Dette gjaldt alle gardane i dalen. Dei fyrste brukarane me veit om i nedre Rasdalen, var Anders Rasdal (1624) og Arne Joenson (1640 og 1664). Om begge desse heiter det at dei var utarma.

Frå ca 1690 var det to brukarar på garden. I 1721 fekk Nils Arneson, son til Arne Joenson, skøyte på Jakob-bruket (bnr.3). Ætta hans sat med garden til 1902. Anders Olson fekk skøyte på Knut- og Nilsbruket (bnr. 1 og 2). Seljar var Børge Willumsen, borgar i Bergen.  Han åtte både øvre og nedre Rasdalen, og selde alle gardane dette året.

Nils- og Knutbruket (bnr.1 og 2)  til innhold

Etter Anders Olson hadde Ole Sjurson Rødland garden til 1760. Sidan vert han seld fleire gonger med korte mellomrom. I 1780 vart han overteken av Torbjørn Knutson Lunde frå Voss. Dotter hans, Brita, vart gift til Kvilekvål og vart mormor til Knute Nelson, senator i USA. Sonen Knut overtok garden i 1800. Han var "stemd til kommisjons" i 1823 fordi han ikkje hadde betalt tiende og andre pålagde ytingar til presten på Voss.

I 1841 bytte Knut Torbjørnson gard med Knut Olson Straume, som hadde gard på Tyssen. Son til Knut Olson, Stor-Ola, overtok garden i 1846, men selde to år seinare og drog til Amerika. Kjøpar var Jakob Jakobsen Aldalen som var gift med Brita Bergesdtr.Horvei. Ho var dotter til ein lensmann og vart difor kalla Lenso. Dei skøytte garden frå seg i 1861. Jakob døydde fem år seinare, men Lenso levde til 1899 og var såleis kårkjerring i nesten 40 år. Ho hadde eit par kyr og nokre sauer, og ho hadde tre teigar som ho slo. Men det var knapt med høy, og om vårane for ho kring i alle utløer og sopa med seg det som var att. Ein gong var ho i Kapitlaløa utanfor eggjane mot Bolstaddalen. Då kom der ein Bolstadmann forbi med børse, og han skaut mot løa. Løa var vel ikkje så tett, i alle fall for Lenso gaulande og skrikande ut.

Lenso hadde floren sin på Smiehaugen, eit stykke frå dei andre husa. Ho måtte over ei gro (bekk) for å koma dit, og ein vinterdag heldt det på å gå gale. Groa "ræste" (veldige snø og vassmengder kom nedover) og det var såvidt Lenso kom seg unna. Det var kaldt i floren, og ein gong tok ho smågrisen med seg i senga så han ikkje skulle frysa i hel. Gutane på garden var fæle til å erta henne. Ho vart sint og di meir morosamt var det.

I 1863 kjøpte Jon Farestveit frå Modalen garden. 5 år seinare miste han kona og dottera i ei ulukke i Bolstadstraumen, der fem menneske drukna. Jon selde halvparten av garden, Knutbruket, til Ola Knutson Rasdal (son til Knut Straume) i 1867. I 1888 overtok Ola Nilsbruket og. Ola hadde vore skreppekar og hadde vore like til Nordland på handel. Sønene hans, Nils og Knut, fekk skøyte på kvart sitt bruk i 1911.

Nilsbruket (bnr.1). Nils skøytte garden på sonen Sigurd i 1947, og no er det son hans, Jan Rasdal, som er eigar.

Knutbruket (bnr.2). Knut kom ned Skaret med eit vedlass ein vinter, Han gjekk attmed sleden, og sonen gjekk bak og skulle halda att, men då dei kom ned på Skarafossen greidde ikkje sonen å halda lenger, og sleppte tauet. Sleden fekk stor fart og gjekk rett fram og utover Skarafossen. Ein kvist og ein av vedkubbane hekta seg fast i Knut og drog han med. Sleden og mannen hamna på isen under fossen, sleden vart smadra, men Knut kom frå det utan beinbrot. "Det var berre eit lite rundkast" sa han då Store-Jakob kom for å få han heim. Han såg fæl ut, men han var ikkje verre enn at han var skikkeleg sint etterpå, ikkje minst på sonen.

Knut vart drepen av ein stein under sprenging på Rasdalsvegen i 1934. Dottera, Torbjørg, hadde garden nokre år, men i 1938 overtok Anders Rasdal, bror til Nils og Knut. Han var kjøpmann i Bergen. Borna hans, Bergljot, Odd og Sverre Rasdal, hadde garden frå 1949 til 1974 då Geir Rasdal, son til Odd, og Sissel Rasdal, dotter til Sverre, fekk skøyte.

Jakob-bruket (bnr.3)  til innhold

Nils Arneson skøytte bruket til svigersonen Klemet Nilsson Væhle i 1735. Klemet var lagrettemann i 1756. Han døydde i 1772. Det skal ha vorte drepe ein Klemet frå nedre Rasdalen på Klemetskarvet i Tuftagjelet. Drapsmannen var frå Hjørnevik, og årsaka var krangel om merket mellom gardane. Klemet Nilsson er såvidt ein veit einaste gardbrukaren i Rasdalen med dette namnet, så det er truleg han som vart drepen.

Arne Klemetson overtok garden i 1758. Kristian Larsson Bolstadøyri, som var gift med syster til Arne, fekk garden i 1770. Foreldra til Kristian var komne austfrå med oberst de Wahl, som kjøpte garden Bolstad i 1721.

Karl Kristianson fekk skøyte i 1771, og sonen Peder (Gamle Per) I 1807. Gamle Per var halden for å vera ein klok mann. Han kunne rekna " reguladetri med ubenevnte tall". Sonen Johannes (gamle Joan) overtok garden i 1851. Peder Johannesson fekk skøye i 1883, men selde i 1891 til Arne Raa som var gift med systera hans, Marta. Ei dotter drukna i ein brunn nokre år seinare, og så reiste dei frå garden. 

Ola Knutson, som hadde Knut og Nilsbruket, dreiv så garden i tre år til Jakob J. Nygård frå Modalen (Store Jakob) kjøpte han i 1902. Jakob var gift med Agathe, dotter til Ola Knutson.

Store Jakob døydde i 1936, og i 1941 overtok sonen Jakob (Vetle Jakob). Han skøytte garden til brorson sin, Rune Jakob Rasdal i 1973.

Bror til Vetle Jakob, Johan Rasdal, bygde seg hus i utkanten av garden i ca 1939. Han pakta Knutbruket i ein del år rundt 1950, men arbeidde elles på jernbanen.

Øvre Rasdalen (Dalen) gn.410  til innhold

Fyrst på 1600-talet ser det ut til å ha vore berre ein brukar, men frå 1645 var det to. I 1664 heitte brukarane Mons Larsson (Knutbruket, bnr.1) og Johannes Ivarson (Lars og Maribruket, bnr.3 og 4). Dei var leiglendingar, men i 1721 fekk sønene deira, Nils Monsson og Knut Johannesson, skøyte hjå Børge Willumsen.

Knutbruket (bnr.1)   til innhold

Ætta til Mons Larsson sat på denne garden far etter son til 1885. Nils Monson overlet garden til sonen Ole i 1731, Nils overtok i 1774, Ole i 1809, Nils i 1828 og Ole (Brit-Ola) i 1849. Brit-Ola var berre 19 år gamal då faren døydde og han måtte overta. Tilnamnet fekk han fordi kona heitte Brita. Ho var dotter til Gamle Per, Nedre Rasdal.

Gardane i Øvre Rasdalen fra ca. 1907. I framgrunnen Knut-bruket. I bakgrunnen Maribruket og Larsbruket.

Brit-Ola bygde løebygningen i 1882 som enno er på garden. Same året døydde kona hans. Dei fleste borna var reiste til Amerika, og i 1885 selde han garden til Karl J. Kaldestad. Han var kårmann i 30 år og tok seg eit godt kår. Han skulle ha "fritt hus med lys og brende samt den fornødne pleie, tilsyn og oppvartning såvel i friske som fornemmelig i sygdoms dage". To kyr og to sauer skulle forast for han. Dessuten slo han åt nokre sauer sjølv. Han skulle ha fire "saald (ca 180 kg) af gaardens bedste blandekorn" m.m.

Maten kom vel med, for han var litt av ein storetar. Ein gong skulle han kappeta storsild med den nye kona på garden. Ho åt 5 sildar, men Brit-Ola greidde 7. Dei seiest at han kokte ein heil kalveskrott i storegryta i eldhuset. Han åt av kjøtet lengst nede i gryta etter kvart som det vart kokt. Kaffien hans var nokså original. Han tømde kaffi oppi ei kanneskål (3 l), og oppi der hadde han smør, sukker, sirup, og ost m. m. Til slutt rørde han alt godt rundt med tommelfingeren. Men ein gong var han ille ute. Han kom inn sveitt og tyrst og fann ei kanneskål med noko han trudde var drikke. Han kvelvde skåla i seg, men det viste seg å vera bredd (flytande) talg. Då vart han så sjuk at han låg ute på bakken og rulla seg, det seiest i 3 dagar.

I 1896 kjøpte Knut H. Mykkeltveit garden. Sonen Nils, som skulle overta, vart teken av eit snøskred i 1928. Ein yngre son, Olav K. Rasdal, hadde garden frå 1937 til 1974, då Ingfrid Rasdal overtok etter faren.

Husa på garden vart flytta dit dei no står etter eit jordras, truleg på 1700 talet. I eit fælt regnvær rasa det jord og stein ned i Storegroa og då vatnet braut gjennom, tok det med seg stovehuset som stod nesten nede på flaten. Det finst ein del stadsnamn som viser at husa har stått nokså spreidde : Florsbakken, Stallsleitet og Smileitet.

Tufte (bnr.2)   til innhold

Garden vart oppteken som husmannsplass under Knutbruket sist på 1700-talet. Fyrste husmannsfolket me veit om, Nils og Kari Horvei, budde der i 1801.

Lars Helgeson Hjørnevik var og husmann her. Andre kona hans var Torunn Knutsdtr., Nedre Rasdalen. Dei var gifte i 1827. Ein gong Torunn låg på stølsvollen og halvsov, høyrde ho ei røyst som sa :"Du har da godt". Ho såg ikkje eit menneske, og det var ikkje tvil om at det var huldra som hadde vore ute.

Ein annan husmann på Tufte var Lars Larsson Hjørnevik. Eldste son hans, Lars, var så urimeleg sterk. Han vart kalla Jenntuft`n. I Hjørnevika ligg det ein svær stein på ca.460 kg som han lyfte ein gong dei kom frå kyrkja. Jenntuft`n reiste til Amerika i 1860.

Brit-Ola selde plassen til Barbro Ørrevik i 1868. Syster hennar, Gjertrud, kjøpte garden i 1891. Seks år seinare overtok Barbro og mannen Anders J. Berge att, og dei selde til Ole A. Flansås (Tufte) i 1901.

Ole A. Tufte var ein dugande murar. Han bygde nye hus på Tufte, fyrst løebygning. Den vinteren dei bygde stovehuset, budde familien på åtte i eit lite eldhus. Sonen Nils var fødd i eldhuset (1908). I 1940 fekk son til Ole A. Tufte, Andreas, skøyte på garden, og i 1974 overtok son til Andreas, Ansgar Tufte.

Lars- og Maribruket (bnr.3 og 4)  til innhold

I 1723 overlet Knut Johannesson denne garden til sonen Dag. Den neste eigaren, Ola Sjurson Vetle Ringheim, skøytte garden til Anders Pederson, Indre Flaga i 1739. Ætta til Anders Pederson sat på garden til 1921.

Sonen til Peder overtok i 1864 og sonesonen Anders 20 år seinare. Den neste Peder (Morge-Per), fekk skøyte i 1812. Morge-Per fortalde at han sette seg ned for å kvila nedi Huldahaugen (nedre Rasdal) ein kveld. Då vart han teken inn i haugen til huldrefolket og kom ikkje ut att før neste morgon. Han fann seg att oppi Dalen ovafor husa sine.

Morge-Per skøytte garden frå seg til sonen Anders i 1838. Anders gifte seg i 1841, men året etter kom "sottæ" til gards. Det var truleg tyfus. Då døydde det fem menneske samstundes på garden, mellom dei Anders og mor hans. Morge-Per tok då att garden, men i 1844 skøytte han helvta (Larsbruket) til svigersonen, Helge Larsson Bolstad, gift med Per si dotter Ragnhild. Året etter fekk dottera Gjertrud, gift med Nils Olson på Knutbruket, den andre helvta. Dermed var garden delt slik han har vore sidan.

Larsbruket (gnr.3)   til innhold

Helge Larsson hadde garden til 1875 då sonen Lars (Dala-Lars) overtok. Han var gift med Marta Rødland. Dala-Lars var ein drivande arbeidskar. Han stod opp i 4 - 1/2 5 tida om morgonen i slåtten, og heldt på til seine kvelden. Lars var kjend for sine gode replikkar og historier.

I slåtten overnatta Lars gjerne i Leinaløa når han slo der oppe. Han hengde langorvet på bandastokken for å ha noko å verja seg med om bjørnen kom. Ei natt vakna han og såg bjørnen fara forbi med ein saueflokk framføre seg. "Det var så skogen svøydde seg bortover Noremyrane", sa Lars. Ein annan gong overnatta han på Nipestadlane. Då dreiv bjørnen og kasta stein utover Nipa så han Lars fekk ikkje sova.

Dala-Lars hadde ei børse som ham kalla "Svøyvæ". Han gjekk mykje på jakt, og då gjekk han alltid med hanen oppspent. "Svøyvæ" var ei utifrå børse. Han fann eit revehi innunder Horgi og låg der og venta på at revane skulle koma ut. Då det begynte å ljosna, stakk to revungar hovudet ut. Lars skaut overkjeften av den eine og underkjeften av den andre med eit skot.

Ein gong han var på rypejakt i Nakkaskaret flaug det opp eit par ryper. Lars fyrte av 7 skot mot den eine og skaut fjørene av henne, men rypa var ikkje daud. "Ho for om Nakkaskaret snau som ei raka kjetta," sa han. Han let om at det måtte vera ei slags trollrype.

"Svøyvæ" vart seld på auksjonen etter han, og hamna i USA.

Dala-Lars var og litt av ein verprofet. Han studerte "vebrauta" (Mjølkevegen) og fann ut korleis veret skulle verta.

Marta, dotter til Dala-Lars, gifte med Anders Rasdal (Mari-Anders) frå Maribruket, og dei overtok garden i 1921.  Men Marta døydde i barnseng same året, og Mari-Anders selde og reiste attende til Amerika.

Knut Nedre Rasdal hadde garden eit år før Ole O. Tufte overtok i 1924. Han hadde garden til han døydde i 1986.

Maribruket (bnr.4)   til innhold

Gjertrud og Nils Olson på Knutbruket selde Maribruket til Knut, bror til Nils. Han vart kalla Gjøri-Knut, for han var gift meg Gjøri Øye, syster til Gamle Holen. Dei hadde pakta halve Holo i to år og lagt seg opp 50 daler, fortalde Hole-Brita.

Gravferda til Gjøri i 1880 var den siste gravferda her i dalen dei dansa og drakk. " Å, me hadde da no so moro", sa ein som var med. Men det heldt på å skje ei ulukke, for dei begynte å slåst, og det var ein som trekte kniv.

Son til Knut og Gjøri fekk skøyte på bruket i 1864. Han var gift med Mari Fosse og vart kalla gamle Mari-Ola. Dei  fekk nemleg ein son som og heitte Ola. Vetle Mari-Ola reiste til Amerika. Han var heimatt ein tur i 1905, og ein sundag heldt han ein tale til ungdomane nede i Ferjevika. Det var Noregs sjølvstende det gjaldt. Han oppmoda til krig mot svenskane, la ut om korleis nordmennene skulle slå dei, og avslutta med: " Og freden skal sluttes ved Stockholms porte ".

Mari sat enkje i 20 år. Ho var eit arbeidsmenneske, gjestfri og gavmild. Når granneborna kom med post, opna ho loket på rømmebyttet, og med fingrane tok ho opp ein stor klatt tjukk rømme, la det på ei potetkake eller mjølkekake, og gav dei.  Mari var og uvanleg flink til å lokka på kyrne. Ho stod i tunet og kalla dei heim att frå øvste eggjane.

I 1916 vart garden skøytt på sonen, Mari Knut. Syskena hans, Ingeborg og Helge, dreiv garden i mange år.

I 1942 vart garden seld til Anders O.Tufte, og  frå 1976 er sonen, Ottar Tufte, eigar. Husa på Larsbruket og Maribruket har alltid stått i same tunet.

Daghaugen - Aspehaugen   til innhold

På Nordsida av Rasdalsvatnet i Haugen var det ein husmannsplass på 16- og 1700-talet. I 1695 budde Nils Arneson på plassen som då vart kalla Daghaugen. I 1760 då Knut og Ranveig Edal flytte dit, heitte han Aspehaugen. Busetnaden må ha vore slutt før 1800.  Haugen tilhøyrer Lars- og Maribruket.

Rørbakken (Bakken) (gnr.411)   til innhold

Dei to gardane i Rørbakken vert kalla Oppigarden (bnr. 1) og Nigarden (bnr. 3). Holo (bnr. 2) var husmannsplass under Oppigarden frå 1802 då Johannes Brekkhus busette seg der. Plassen vart eige bruk i 1865.

Fyrste brukaren me veit om heitte Oluf Børrissen (1664). Neste brukar, Torgeir Pederson, fekk skøyte i 1723. Bruket hadde då vore apostelgods, dvs. at kyrkja åtte det. Fem år seinare skøytte han til sonen Ole Torgeirson som i sin tur overlet garden til sonen Ole Olson i 1762.  Ti år etter vart garden selt, og dei neste 40-45 åra bytte garden eigar temmeleg ofte.

I 1807 vart garden delt då Nils Godskalkson Vestrheim fekk skøyte på Nigarden. Året etter fekk John Haldorsen Gjeilen skøyte på Oppigarden med Holo.

Nigarden   til innhold

Nils Godskalkson selde garden til Knut Sjurson Rødland i 1812 . Son hans, Sjur overtok, men selde garden til Knut Nilsson Bolstad i 1845. Sidan har garden vorte ætta i rett nedstigande linje. Knut Nilsson var soldat i Den Bergenhusiske Skarpskytter Batallion frå 1812 til 1817. Då vart han overførd til landvernet. Han var med i krigen, og det fortelst at ingen kjende han att då han kom heim att.

Knut gifte seg med Anna Karlsdotter Nedre Rasdal, og dei hadde ei dotter, Brita. Ho gifte seg med Nils Johnson Lie frå Bergsdalen i 1854. Nils var smed og dessutan ein flink bonde, så han stod seg godt. Han fekk skøyte på garden i 1870.

Son til Nils og Brita, Knut, var utdanna til lærar på lærarskulen på Voss. Han var mykje med i styre og stell i bygda, og dertil lekdommar i mange rettsaker. Han reiste like til Sunnfjord for å vera med å dømma. Eit år rundt århundreskiftet hadde han heile likninga for Evanger herad, og det fekk han 30 kroner for. Ungane hjelpte til med å lesa tal.

Knut hadde garden frå 1895 til 1937. Då overtok sønene Johannes, Anders og Knut. Kona hans, Ingeborg, døydde i 1946, og same året reiste Knut på gamleheimen. Dei var dei siste som budde fast i Rørbakken.

Tre av Anders sine born, (Inger Lie, Malvin Rørbakken, Monrad Rørbakken) og Knut sine born (Ingrid Trosvik, Paul Rørbakken, Solveig Gjelelsvik), overtok garden i 1981.

Husa på Rørbakken ligg i eitt tun. Dei er omtala i BKK sin vassdragsrapport om Bergsdalsvassdraget på fylgjande måte :

"Bebyggelsen på Rørbakken står i en særstilling. Her er et godt bevart tobølt rekketun med hus fra omkring 1880 og tidligere." "Rekketunet på Rørbakken fremheves som spesielt verdifullt, ikke bare i lokal sammenheng."

Oppigarden (bnr. 1) og Holo (bnr. 2)      til innhold

John Haldorsen eller Jo Bakko som han vart kalla, skulle vera utifrå klok. Han "takka ao" i gravferder og var kjøkemeister i bryllaup. Men det var ikkje lett å få han til. Ei kvinne frå Bergsdalen gjekk og trakka rundt han ein heil dag og prøvde overtelja han til å vera kjøkemeister i bryllaupet hennar. Det vart høgste natt før han lova det. Då gjekk ho over fjellet att.

Jo hadde berre ei dotter, Brita, og ho gifte seg med Lars L. Øye, Gamle Holen. I 1832 skøytte Jo garden til Gamle Holen for 100 spesidalar og kår. Gamle Holen hadde pengane nedgravne under dørhella, men Jo fekk korkje pengar eller kår. Han heldt på å svelta i hel, og det enda med at han tok livet av seg.

Folk var redde for Gamle Holen. Han var ei "ukjura" (kjeltring), og dertil skulle han ha "Svarteboka", og var såleis litt av ein trollmann. Det fortelst at han grov ei hole i snøen på Vafeta (flaten ved elva), og der brende han bein og mulla merkelege ord.

På Bolstad skulle dei slakta ei ku ein gong. Dei slo, men fekk ikkje kua nedåt. "Å, de er nokre store toskar", sa Gamle Holen, svinga øksa rangseles (mot sola) og slo kua i bakken.

Gamle Holen gjekk mykje på jakt, men han var nøyen på at ingen skulle sjå han når han gjekk heimanfrå. Vart han var at nokon såg han, gjekk han heim att.

Folk gjekk til han når dei var sjuke. Ein gong kom ein mann med gikt. Gamle Holen trolla gikta ned i stortåa, men han greidde ikkje å få henne lenger. Han bryggja og saman ymse medisinar til folk.

Knut i Nigarden hadde gjerda inn eit lite stykke i den sams bumarka. Gamle Holen vart rasande, tok Knut ei skrape og meinte på at han skulle "kle han i ei grå og ei kvit hosa". Fangane på "slaverie" (Festninga i Bergen) gjekk med slike. Knut vart reint nedfor, men svigersonen, Nils, vart sint og gjekk for å snakka med Gamle Holen. Nils møtte kona Brita i tunet, og då han fortalde kva mannen hadde sagt, sa ho turt : "Å, æ han kommen pao da no, styggabeiste". Gamle Holen ga seg då Nils leksa opp for han om ugjerningane hans.

Gamle Holen ville verta gravlagd på Evanger, for han ville høyra kyrkjeklokkene. Då han døydde i 1866, førde dei kista over Vossedalen til Evanger. På heimovervegen fekk dei eit fælt uvær på seg, og Magli, dottera, heldt på å frysa i hel.

Oppigarden (bnr. 1)    til innhold

I 1862 skøytte Gamle Holen Oppigarden til sonen John, og etter han overtok sonen Nils. Nils døydde av tarmslyng i 1893, og enkja etter sonen og borna laut flytta. Garden vart seld fleire gonger. I 1951 kjøpte Eng.Eikeland garden, og det er son hans, Jogeir Eikeland som eig han no.

Holo (bnr.2)   til innhold

I 1865 skøytte Gamle Holen Holo til dottera Magdeli (Magli). Ho var gift med Ole Helgeson Hjørnevik. Dei fekk seks born, men berre tre nådde vaksen alder. Ole Helgeson døydde då dottera Brita var 8 år gamal.

Det vart ikkje greitt for Hole-folket då Fattigkassa betalte slåttekar for dei, slik at dei greidde å ha garden. Men Magli og Brita gjekk rundt og "ba seg" (tigga). Helge, ein av sønene, kom til Dala-Lars ein gong og sa at det fanst ikkje mat heime. "Gromguten" Lars fekk engelsk sjuke, men det kom delvis av at han fekk graut av fint mjøl. "Lars et kvit graut, me et svart graut", sa Helge.

Husa i Holo brann og opp i 1880 åra. Ein av gutane, Ola, som døydde 15 år gamal, kveikte opp eit bål på stovegolvet.

Syskena Brita, Helge og Lars var ugifte og budde i Holo alle sine dagar. Brita hadde ein friar ein gong. Ho kokte rømmegraut og gjorde ære på han. Men Lars øydela hatten hans ved å hoppa opp og ned på han, og var elles så uforskamma at friaren sa etterpå at han vart motteken som ein ulv. Lars var vel redd for at han laut reisa frå Holo, for det var Brita som åtte garden.

Hole Lars eller Holen som han vart kalla, var skomaker. Han hadde god greie på pengar og tok både renter og rentesrenter dersom folk ikkje betalte skorekningane i tide. Det var han som åtte dyra, og han tente no litt på dei og. Lars var såleis ein velhalden mann, men han brukte lite. Far min kom over han då han sat på Kvilesteinen i Hesjabotnen og talde pengar. Han hadde fleire buntar med setlar, men dei forsvann lynande fort i lommene då han såg det kom folk.

Då far min skulle i krigen i 1940, møtte han Holen. "Du skal i krigen", sa han. Jau, far skulle då det. "Du kjem ikkje att, du dao", slo Holen fast.

Helge var døv. Mora må ha vore ei kvinne med tiltak i, for ho fekk det til slik at han kom inn på Eikelund skule (i 1880-åra). Der lærde han å lesa og snakka på eit vis. Det skulle visst vera vanskeleg å forstå han, men eg hadde lange samtalar med han. Helge var den som gjorde mesteparten av arbeidet på garden. Dei var alltid høylause tidleg på vinteren i Holo. Brita var framme alle stader og spurde etter høy. Ho bar i sekker og Helge drog på kjelke.

Hole Brita gjekk alltid med sid, svart doss og "skadlaklut" (hovudklut som var knytt i nakken). Ho gjorde inntrykk på oss ungane ein steikjande varm sommardag då ho kom i den vanlege dossa, ei langerma trøye som var godt oppknappa i halsen, to hovudklutar og ein stråhatt på toppen.

Særleg rein var ho ikkje i dei tider eg hugsar henne, men då var ho åtti år og greidde ikkje så mykje. Me likte lite å eta i Holo, for der var det lenge mellom kvar gong koppane vart vaska. Men Brita var gjestfri og ville alltid gje oss mat. Lars hadde maten for seg sjølv, og det låg oftast eit par langebrød på skåpet. Brita skakka på hovudet og såg opp på brøda: "Aja, da æ han Lars sitt, datta", sa ho. Men ho hadde som oftast natronkakar, og dei var ikkje så verst.

 

Brita O. Rørbakken (Hole-Brita) (1869-1958) og Ingeborg O. Rasdal (Mari-Ingeborg) 

Ho tykte det var sløseri å kasta kaffigruten. Ein gong ho skulle  koka kaffi åt oss, tok ho med fingrane ned i ein boks og kom oppatt med gamal kaffigrut som det rann av. Dette hadde ho på kjelen og kokte. Eg forsikra at eg var for liten til å drikka kaffi, og mor slo innhaldet i koppen sin oppi ei mugge då Brita snudde seg.

Hole Brita var noko overtruisk. Ho fortalde meg at ein gong ho kom frå stølen med mjølka, tok ei hulder henne i foten og heldt fast slik at ho vreid ankelen. Ho fortalde og at bjørnen gjekk etter gravide kvinner for å få tak i fosteret. Ein gong då mor til Brita gjekk med barn, kom bjørnen ned i Holo og luska rundt husa.

Mari-Ingeborg i øvre Rasdalen trudde at Hole Brita kunne "gjera aot" på kyrne (setja sjukdom på dei). Ho var styrkt i den trua då ei ku vart sjuk den same dagen som Hole Brita hadde vore der. "Ja, Holo var her i dag", sa Ingeborg.

På sine gamle dagar fekk holane ein radio frå Radiogavefondet. Så lenge batteriet virka, stod radioen på heile dagen. Far min og ein annan var i skogen, og dei gjekk opp i Holo for å eta nista si. Då var det franskundervisning i radioen. Far føreslo at dei skulle skru av, men nei. "Det er ingen som likar å verta avbrotne slik midt i praten", sa Brita.

Hole Helge døydde i 1950. Brita laut flytta på gamleheim i 1951 og Lars året etter. Sidan har det ikkje vore fast busetnad i Holo.

Johan Rasdal kjøpte garden på auksjonen som vart halden etter dei i 1953.

Skarafossen  

Kvernar og sagbruk   til innhold

I gamal tid var det kvernhus i Kvernhusfossen på Nerjorda og i ein foss i Øvre Rasdalen. Det var kverna under Skarafossen som var brukt i seinare tid, og ho stod til etter krigen. Under Skarafossen hadde Ola Tufte sag fram til 1950. Før krigen hadde Knut H. Rasdal sag oppå fossen.

I Rørbakken hadde dei kvernhus under Kvernhusfossen. Kvernsteinar ligg der enno, og ein kan sjå restar av huset. Desse kvernsteinane vart dregne frå Hjørnevika, opp Tuftagjelet og innover liene på skareføre.

Stølane         til innhold

Rørbakken hadde vårstølar på Gamlestølen og sommerstølar på Rørbakkastølen. Nigardsselet står enno og er sett i god stand. Oppigardsselet er dotte ned. Desse sela stod oppe i bakken og vart ikkje tekne av raset i 1928. Under det store snøfallet og uveret då, vart Vetleelva oppdemd, og då vatnet braut igjennom, sopte ho med seg det som var att av sela som tilhøyrde Holo og Mari- og Larsbruket.

Den eldste selstufta som høyrer til øvre Rasdalen, ligg på Nova, på sørsida av Steinafjellsdalen, heilt ute på egga. Det er temmeleg verhardt der. Hammaren går i ein rett vinkel og lagar to vegger, og det er murt opp to andre vegger. Murane står der den dag i dag. Her må ha vore støl fra uminnelege tider, men truleg på 1700-talet vart stølane flytte litt heimom øvste eggjene. Her er to selstufter og ei lita tuft, som truleg var lamhus. Dei stengde lamma inne om nettene og mjølka sauene om morgonen. Mjølka brukte dei til sauemjølksoppe eller laga smør av henne.

Dala-Lars fortalde at oldefar hans reidde (kløvja) mjølk og myse over Steinafjellet, Storenipa, og Vetlenipa og ned Raudbergskaret. Men så kom rasdelingane i krangel med Bolstadfolket om beitet. Rasdalskyrne beitte for mykje på Bolstadeigedom. I Løkjadalen kasta ein mann frå Rasdalen ei torve oppunder dossa til ei Bolstadkone. Då "barst det til kommisjons" med dei. Bolstadfolket vann rettssaka, og i 1812 kjøpte oppsitjarane i øvre Rasdal, Anders Pedersen og Ole Nielsen, stølsrett hjå John Haldorsen og Knut Sjursen Rørbakken. Dei betalte 200 riksdalar og sette opp sel på Rørbakkastølen.

Knut H.Rasdal flytte selet sitt lenger opp i lia mot Flatafjellet i 1907. Selet, Leinaselet, står framleis. Det var kyr på stølen til ca.1930.

Oppe i Vibotn mot Njukane finst det ei tuft etter eit sel som vert kalla Gitlemurane. Gitle Torbjørnson Væteshagen budde i Rørbakken i eit år. Han kjøpte gard på Honve i 1804, men heldt att stølsrett i Rørbakken for seg og kona så lenge dei levde. Dei hadde sel på Gitlemurane, men var der nok ikkje i mange åra.

Gardbrukarane i nedre Rasdalen må ha leigt beiterett.hjå rørbakkane før 1803, for då vart Knut Torbjørnsen og Karl Christiansen dømde til å betala 6 store furutre kvar for resterande hamneleige. I tillegg vart dei dømde til "å flytte over den højeste Fjeld-Eg med deres kreature". Då sa Karl at det høgaste fjellet han visste om var Kvitanosi, og dit flytte ikkje han.

I 1809 kom det til nytt forlik der nerjordingane vart dømde til å flytta sela, anten opp i Barbrågjelet eller forbi Gitlemurane. Dersom sela ikkje vart flytta innan jonsok 1810, skulle rørbakkane ha rett til å riva dei ned. Men året etter kjøpte nerjordingane stølsrett "til Odel og Ejendom for sig og sine Efterkommere for den Købesum 50 rd".

Då øvredelingane fekk kjøpa stølsrett i 1812, klaga nerjordingane over at dei ikkje var spurde. Eit forlik i 1813 gjekk ut på at oppsitjarane i nedre Rasdal skulle flytta sela sine til Vibotnen. Der har dei hatt støl sidan, og dei hadde kyr der til ca 1925. Dei gamle sela er vekke, men eitt (Nilsbruket) er bygt opp att.

Den gamle vegen  til innhold

Den gamle gongvegen frå Bolstad gjekk opp gjennom Botnen og opp dei ulendte Midtløypakrokane, der det var fælt glatt og stygt om vinteren. Vidare opp Todalen , opp i Tortnadalen, opp ei kleiv på eggjene og derifrå ned i nedre Rasdalen. Her kunne ein koma med hest. Det var gjerde i Tortnadalen for at ikkje hestane frå Bolstad skulle koma opp.

For å få kortare gongveg laga dei Tostigen. I Todalen er vegen delvis murd opp og hellelagd. Så er det hogt ei mengd trappetrinn i stein heilt opp til Berget. Der er det berre ei smal, bratt to (hylle) i fjellet, der det såvidt går an å koma opp for spreke folk. Langs denne toa bolta dei fast fleire tømmarstokkar attmed kvarandre for å få vegen breiare. I stokkane var det hogt inn trappetrinn. Dei hadde ei line til å halda seg i, og det kunne trengjast, for det rann vatn langs stokkane så det vart mykje is på dei om vintrane.

Doktor Gjestland som var distriktslækjar på Voss frå 1887 til 1905, var oppe på sjukebesøk ein gong. Han tykte dei hadde så dårleg line, og dermed gav han dei ei ny.

Lenso, kårkona på Nerjorda, ramla ned Tostigen på hålka. Ho hadde eit mjølkebytte av tre på ryggen. Sjølv kom ho frå det utan alvorleg skade, men mjølkebyttet vart knust, og delar av det hang att oppi bjørketoppane.

Ei brur opplevde nok Tostigen på ein annan måte for 150 år siden. Då ho kom oppå "Tonæ", slo ho ut med armane og ropte :"Nu er lykken skjedd".

I Todalen var det ei steinhelle som låg og vippa slik at det small når ein steig på henne. Det vart sagt at bjørnen hadde lagt hella slik for at han skulle høyra når det kom folk, og så koma og ta dei.

Systra til Petra Bolstad gjekk Todalen med mat til slåttefolket i Bolstadmarka. Ho var med barn, og mora var reint forfærd då ho fortalde kva veg ho hadde gått. Ho tenkte på hella og bjørnen.

 

Tostigen.  Foto: Ingfrid Rasdal og Arild Skjelbred

Men at det var bjørn i Todalen stundom, er sikkert nok. Syster til Dala-Lars gjekk ned Todalen, og då fann ho to sauer som nett var drepne av bjørnen. Det må ha vore i 1870-åra. Det var truleg på same tid rasdelingane skremde vekk ein bjørn med spann og bytter og slikt som skramla. Dei jaga han ned til fjorden, og så sumde han over til Tyssen.

Ovafor sjølve Tostigen var det fleire steintrinn før ein kom opp på "Tonæ" og hadde flate vegen heim på Nerjorda og vidare innover dalen. Langs Skarafossen gjekk vegen bratt opp, og her var det mykje klake om vintrane. Fleire gonger var både folk og hestar i fåre der. Olav K. Rasdal, far min, kom oppover med hest og lass ein gong. Då gleid hesten og vart liggjande på sida. Far hadde heldigvis eit tau med seg og fekk bunde hesten i ei bjørk. Så spente han sleden frå og fekk hesten på fote att. Men han bar varene på Skaret og drog sleden opp før han spente hesten føre att. Frå Skaret og innover er vegen stort sett flat.

Når rasdelingane skulle reia, kløvja, gjekk dei frå nedre Rasdalen og utanom Orrahaugane, forbi Kapitlaløa, ned på Tortnadalsmyra og ned Reitlegjedlen til Rostingsmyra. Derifrå om Freisføte, Galtaryggen, Kolahelderen og Brattabrekko til Kipe-Jensflåten. Derifrå kunne dei gå om Porsmyrane eller om Steinura og Hedlekloppæ til Flåten.

Ola Knutson Nedre Rasdal gjekk på ski heim att frå Bolstad ein jolaftan, ca 1875. Då høyrde han ulvehylet eit stykke unna, og då fekk han nok ekstra fart på seg.

På kyrkjeveg    til innhold

Den gamle kyrkjevegen gjekk gjennom Tuftagjelet til Hjørnevik. Derfrå rodde dei saman med Hjørnevikfolket til Evanger. Folket i øvre Rasdal og Rørbakken var med Ola-Helge Hjørnevik i hans båt. På Tufte hadde dei båtskyss med Johannes Hjørnevik.

Denne kyrkjevegen brukte folket frå øvre Rasdalen og Rørbakken eit tiår eller to ut i dette hundreåret. Dala-Lars var alltid fyrstemann på kyrkjeveg. Han for i sjutida om morgonen preikesundagane. Då hadde han god tid til å prata med folk.

Folket frå nedre Rasdalen brukte vegen om Bolstad når dei skulle til kyrkje.

Frå fyrst på 1700 talet hadde gardane faste plassar i kyrkja. Dei var bestemte ut frå skylda på gardane, og noko utfrå avstanden til kyrkja. På mannsida fekk folk frå nedre Rasdal sitja i 7. stol (av 9), men dei frå øvre Rasdal og Rørbakken sat på lemmen, dvs. på "sisteplass". Kvinnene frå nedre Rasdal sat og i 7. stol, frå øvre Rasdal i 10 stol og frå Rørbakken i 11. og siste stol.

Rasdelingane var flittige kyrkjegjengarar. Ein kyrkjesundag var ei kjærkomen avveksling i eit strevsamt liv. Elles kom det mange emmisærar til dalen, og då var det oftast møte hjå Knut H. Rasdal i øvre Rasdalen. Kona hans, Inga, hadde og misjonsforeining ei tid.

 

Rasdalen ungdomslag    til innhold

Jakob. J. Rasdal (Vetle-Jakob) starta Rasdalen ungdomslag i 1918. Dei heldt møte og festar i "Nyastovo" i heimen hans, og det var ein veldig aktivitet. Dei hadde møte annakvar laurdag, jolefest, korgaleik og andre festar.

I 1919 feira dei 17. mai i Rasdalen med tog på Skaret og sjølvsagt fest.

På møta hadde dei eit handskrive blad som heitte "Solrenning", med dikt, noveller, stykke om ulike emne, meiningsytringar og skjemt. Mat høyrde med, og dei hadde mykje folkeviseleik. På festane spelte gjerne Mari-Helge til dans på munnspel.

I 1925 vedtok dei å leggja ned ungdomslaget og bruka pengane i kassa til arbeid på vegen. Dei arbeidde frå Todalen og utover mot svingen då, og løna frå ungdomslagskassa var 3 kr dagen. Vår og haust hadde dei vegfestar, stundom med basar, der innkoma gjekk til vegarbeidet. Dette heldt dei på med i alle fall til 1932.

Skulen   til innhold

Det var sjølvsagt omgangsskule i Rasdalen som andre stader. I fyrste halvdelen av 1800-talet fekk borna 3-4 veker skule om året, fordelt på 2-3 periodar. Elevane skulle fyrst og fremst læra å lesa og kunna det viktigaste i kristendomskunnskap. Gutane lærte og å skriva. Rasdalsgutar fødde i åra 1830-50 kunne skriva. Jenter fødde på same tid kunne det ikkje.

Etter 1860 vart skuletida utvida til 9 veker. Då heldt skulen til i stova hjå Randi og John i nedre Rasdalen, og borna frå heile dalen samlast der.

I 1870-åra hadde dei ein lærar frå Voss som heitte Godskalk Flage. Han hadde Rasdalskrinsen og to krinsar i Bergsdalen. Han gjekk sjølvsagt over fjellet og måtte ha med seg ein mann til å bera skulekista.

På Nerjorda budde han på fjøslemmen. Der var det varmt og bra reint. Var det uver, hende det at borna frå Rørbakken og Holo overnatta der og. Det vart sagt om denne læraren at det fanst ikkje betre lærar i bygda i religion, og at han skulle vera ein meister til å skriva, men han kunne berre dei fire rekningsartene. To gløgge gutar frå Rørbakken ville gjerne læra brøk, men det gjekk ikkje. Derimot var han flink til å halda disiplin. Det skulle ikkje mykje til før han fauk bort til langbordet og reiv borna i øyro eller lugga dei. Bjørkeriset stod ved omnen for å verta "retteleg turt og hardt", og "syndarene" kunne og verta stelte i ei krå med ei tjukk vedskie i kvar hand.

Frå århundreskiftet voks det opp store barneflokkar i Rasdalen. Skulen var på Tufte ein vinter. Då var Arnstein lærar. Nokre store gutar hadde med seg pilebørser og for ute og skaut småfuglar i friminutta. Dei ville ikkje koma inn att. Då dei endeleg kom, sto læraren i døropninga og skulle gripa dei, men dei drog han over ende og han hamna på golvet med gutane oppå seg.

Elles var skulen på Nerjorda i "Nyastova" til Jakob og Agathe Rasdal.  I 1915 var det 18 skuleborn, og då var skulen todelt ei stund. Av lærarar kan ein nemna Marta Brunborg, Hans Tyssen, Knut Rørbakken, Nils Kvilekvål, Johannes Bjørgo, og dei siste åra Olav Hartveit. Barnetalet minka utover i 20-åra. I 1926 var det berre tre elevar att, og då vart det slutt på skulen.

Fyrst etter krigen voks det opp ein ny generasjon i Rasdalen. Skulen starta opp att i 1946. Det vart leigt ei hytte i nedre Rasdalen til skulestove, og etterkvart vart det temmeleg trongt der. Me var 12 skuleborn på det meste, alle i ein klasse, og då måtte dei som sat bakerst, klatra over pultane for å koma til og frå plassane sine. Nokre få lærarar var her i to år. Elles bytte me lærar kvart år. Ingen hadde lærarutdanning. Det var stor lærarmangel i dei åra. Lærarane budde på gardane til å byrja med, seinare i kjøkkenet i skulestova. Me gjekk på skulen annakvar veke. Læraren hadde og Hatlestadkrinsen i Bergsdalen, seinare vart det Tyssekrinsen.

Om vinteren gjekk me sjølvsagt på ski til skulen, og skiene vart vart flittig brukte i friminutta. Var me langt unna, høyrde me ikkje læraren ropa, og då kunne friminutta verta lange. Den vinteren (1951/52) dei skaut seg gjennom Skarahamrane, hadde me ein fæl skuleveg. Steinen dei skaut ut hamna nede ved elva der gongvegen gjekk, og me måtte klatra over denne ura for å koma både til og frå. Skiene måtte me sjølvsagt bera med oss.

I 1954 fekk me nytt skulehus i Huldahaugen, men då var barnetalet på nedgang, og i 1961 var det att tre elevar. Då vart skulen nedlagd, og denne gongen for godt. Det vert nok skuleskyss til bygda for born som måtte veksa opp her.

Utviklinga står ikkje nett på utkantane si side, men folketalet i dalen er faktisk dobla siste året, då ein familie er flytta hit. Så det vert spanande å sjå om dalen vert berre eit hytteområde, eller om det framleis kjem til å verta fast busetnad her.

Kjelder :

Skriftlege :                                                                          Munnlege :

Evangerboka                                                                        Olav K. Rasdal

Gamalt frå Voss                                                                    Borghild Rasdal

Folketeljingar frå 1701 og 1801                                                    Andreas Tufte

Handskrive blad og kassebok for                                                    Sigurd Rasdal 

Rasdalen  ungdomslag.                                                              Agnes Rasdal 

Rasulukka i Rasdalen til innhold

Av Ingfrid Rasdal

 

I Rasdalen fekk dei og merka ulukkesvinteren. I tre-tida om natta byrja det å støkkja langs grøvene. Dei var tilfrosne og vatnet tok sine eigne vegar. Om morgonen hadde elva og alle grøvene rasa, og folk rekna med at no var det trygt. 

På garden til Knut H. Rasdal skulle dei byggja ny løe på Storatreet, ein slåtteteig på på andre sida av elva. Dei hadde køyrt tømmer bort der løa skulle stå, og Nils, nesteldste sonen, ville bort å sjå om materialen. Det var i 10-tida om morgonen. Han gjekk forbi Mjølstølen, Tytlingahaugen, over Glupalibrua og ned på Storatreet. Så gjekk han same vegen attende, men då han kom på Mjølstølen (like heimafor bøgarden), vart han teken av ei veldig skrede. 

Mjølstølsgroda hadde rasa om natta eller morgonen, men det hadde kome berre eit lite stykke oppe i frå. Så hadde snøen losna like oppunder Raudberget. Eit stykke nede i dalsida, mellom Lægelia og Høghaugen, stogga snømassane og demde opp for vatnet. 

Då vatnet braut igjennom, var det ei skrede som sopte all skogen i ei svær breidd heile lia nedover, gjekk over Mjølstølen, tvers over heile vatnet og opp på flaten på andre sida. 

Heime på garden la dei ikkje merke til at skreda gjekk, men det varde ikkje lenge før det vart klart kva som var hendt. Leiting kom i gang, men det var ikkje enkelt. Veldige snømassar med tre og busker låg over heile vatnet, der var snøblokker så store som små hus, og folk vassa i issørpe til langt oppå leggen. 

Folk frå dalen kom sjølsagt til fyrst, men det kom og folk frå Bolstad, Evanger og Dale, og dei leitte og grov i vekesvis. Far til Nils gjekk over heile området med ei hane i ei korg. Det var gamal tru at hanen gol over lik. Men i dette høvet ga det ikkje noko resultat. 

Eldste broren til Nils, Henrik, reiste til den synske Marcello Haugen i Oslo for å få hjelp. Då Henrik kom inn til Marcello Haugen, sa denne kva det gjaldt før Henrik fekk sagt eit ord. Haugen såg kvar Nils låg, og han teikna opp ei skisse over området og merkte av staden. Han sa det var vonlaust å finna Nils endå, men faren gjekk likevel og leitte kvar dag. 

Påskehelga var i byrgjinga av april det året. Snømassane var no byrja tina, og ei vekes tid etter påske, ca 10. april, vart Nils endeleg funnen. Faren fann han omtrent der Marcello Haugen hadde sagt at han låg, eit lite stykke bortanfor elva utanfor Storatreet. 

Kjelder: Johannes Rasdal. Borghild Rasdal

 

HYTTEBYGGING I RASDALEN    til innhold

Av Ingfrid Rasdal

 

Voss kommunestyre vedtok ein reguleringsplan for Rasdalen 27. januar 1983. Dalen vart då regulert til hyttebygging. Talet på hytter vart sett til 52, men seinare er planen revidert og omfattar no 54 tomter. 35 hytter er bygde til no (1990). Av desse er 21 i Nedre Rasdalen. 

Det var i Nedre Rasdalen dei fyrste hyttene vart bygde. Anders Rasdal, kjøpmann i Bergen og bror til Nils på Br.nr. 1, fekk ein gamal stall på garden og sette han opp i utkanten av bøen i 1910. 

Anders hadde med seg vener i Rasdalen. Dei budde på gardane, men bygde seg etterkvart hytter. Madsen bygde si i 1915, Sørensen i 1923 ( det er no tredje (w.m anm: fjerde) generasjon som har hytta. og Maurstad/Seim og Monsen i 1924-25. 

I 1935 kjøpte Anders Rasdal br.nr. 2. Han reiv då våningshuset og bygde ei hytte på Skarpeteigen av det. Året etter sette han opp ei større hytte like ved. 

Dei andre hyttene i Nedre Rasdalen er bygde etter krigen. Det er mest bergensarar som har hytter her, men og nokre frå Bolstad.

Den fyrste hytta i Øvre Rasdalen vart bygd av Henrik Rasdal i 1942, men på gardane der hadde det vore feriefolk både i somrane og i påskehelgene. Det var fyrst etter krigen at hyttebygginga tok til her, og det er folk som er frå/ætter fra dalen som har dei fleste hyttene.

 

 

DEI SOM REISTE TIL AMERIKA 

Av Maria Horvei 

Rasdalen

  til innhold

Frå nedre Rasdalen, bruksnr. 1 utvandra i 1849 Ole Knutson, f. 1819, kona Kari, f. 1816 med Ragnhild 2 år, til Amerika.

I 1863 reiste Helge Johannesson Rongen, f. 1835. Han hadde hatt garden (bnr. 1) frå 1861. Han utvandra med kona Brita, f. 1835, Johannes 2 år, Knut, f. 1863. Brita døydde i Chicago i 1866. Nils Jakobson, f. 1875, utvandra til USA. Han var son til Jakob Knutson frå Geilane, som hadde garden frå 1877 til 1882.

Torbjørg Olsdotter, f. 1866, gift med Jon Håset, Romsdalen, og Brita Olsdotter, f. 1873, gift med Thron Hatle, Romsdalen, utvandra til Amerika. Nils, bror deira, hadde garden i Rasdalen frå 1911. 

Frå øvre Rasdalen, bruksnr.1, utvandra i 1869 Nils Nilsson, f. 1847. Broren Ole hadde garden fra 1849. Av hans born utvandra i 1881, Nils Olson, f. 1857, Gudve, f. 1864, Johannes, f. 1867 og Ingebjørg, f.1870. 

Frå 1885 til 1895 hadde Karl Kaldestad garden. To av hans born, Kristian, f. 1887 og Kari Oleanna, f. 1895 utvandra til USA.Frå bruksnr. 3 utvandra Anders Olson, f. 1882.                     Frå bruksnr. 4 utvandra i 1870, Magli Knutsdotter, f. 1844.

Knut Knutson, f. 1847, også brorsonen Ole Olson, f. 1899, utvandra til USA. 

Frå husmannsplass i øvre Rasdalen utvandra Anna Larsdotter, f. 1833, tidleg i 1850-åra. Ho var gift med Lars Knutson Århus, døydde tidleg. Systera Torbjørg, f. 1836, gift med Brynjulv Brynjulvson Bolstad, f. 1832, reiste også til Amerika. I 1841 fekk Lars Larson Hjørnevik feste på plasset Tuftene. Av hans born uvandra 1860 Lars, f. 1827. Han var kjend for å ha kjempekrefter.

Knut, f. 1832, gift med Anna Monsdotter Lid, f. 1830, utvandra 1861 og Haldor, f. 1843, gift med Brita Andersdotter Bolstad, f. 1839, utvandra 1872 til Amerika. Dei kom att og budde på Bolstad. 

Nils Haldorsen Glimme, f. 1795, var innerst på Tufto, gift med Ingeborg Andersdotter Rasdal, f. 1796 utvandra til USA 1854. Han vart velståande. Dei andre borna var, Peder, Anders, Lars, Knut, Bryjulv, Jonas, Gjertrud, Ragnhild og Margreta.   

Frå Røyrbakken, bruksnr. 1 utvandra Lars Jonson d.e., f. 1858, og syskena.  FOTO : Anna og Anders Kindem

Gjertrud Jonsdotter, f. 1870 og Lars d.y., f. 1875. Han miste mor si då han var nyfødd, faren då han var 12 år. Han gjekk Hambro skule på Garnes 1890-91, og utvandra til Amerika 1892, vart farmar og seinare utdanna til prest. Brorsønene Johan Olai Nilsson, f. 1884, Alfred f. 1887 og David, f. 1887 og David, f. 1891, reiste også til Amerika. 

Frå bruksnr.3 i Røyrbakken utvandra Knut Sjurson, f.1838 i 1865 og broren Halvard, f. 1843. Syskina Marta, Barbrå og Gjertrud vart seinare buande på Gamle-Øyri på Bolstad. Om brørne som reiste til Amerika sa dei: "Hadde endao vå landfast, so hadde dai jedna komne att !" Det var ikkje stor von i dei dagar. 

Frå bruksnr.3, Terdalen, utvandra Nils Knutson Rørbakken, f. 1889, gift med Olga Bakke, Vestre Toten. Han vart farmar i Minneapolis. Systera Anna, f. 1893 reiste til bror sin i Amerika 16 år gamal, i 1909, gift 1915 med Anders Kindem, Voss, f. 1892. Ho har vore heime fleire gonger og lever framleis (1991). 

Frå Rasdalen utvandra i alt 50 menneske. 

Det syner seg at nær 450 menneske, born og vaksne, har utvandra til USA frå desse grendene, mest alle i siste halvdel av 1800-talet. Det går fram av Evangerboka, band 1 og 2 av Lars Schjærven og Johannes Gjerdåker.   

 

SKULEN I BOLSTADGRENDENE    til innhold

Av Ingebjørg Helland 

Litt om smakrinsane nedanfor vatnet 

Rasdalskrinsen

 

I den første tida vi finn oppteikningar for, høyrde Rasdal til 3.krins og 3.rote, etter den skipnaden dei fekk for omgangsskulen i 1844. På den tid var der 6 mann og 17 "skolesøgende" born i Rasdal. Seinare vart krinsen saman med Storevik om lærar. 

Omkring 1900 var skulen halden hjå Jakob Rasdal nedre. Det var han også til krinsen vart nedlagd i 1926. 

Det var heller få born i krinsen fram til 1907. Då var det 11 skuleborn. I 1912 var talet på born heile 19. I åra fram til 1916 held barnetalet seg stabilt, men i åra etter gjekk det nedover til 10, og i 1924 og 25 ned til 6 og 5 born. Nedlagd 1926. 

I krinsmøte mars 1948 vart det vedteke å sende søknad til skulestyret om å få teke oppatt skulekrinsen. På same møtet var det og vedteke å søkja om å få bygt skulehus for krinsen. 

Skulestyret handsama saka i april same år, og i svaret til krinsen heitte det mellom anna at dei for tida hadde i gang så mykje vølingsarbeid på andre skular i kommunen at dei ikkje såg seg i stand til å setja i gang med nybygg i Rasdalskrinsen. Vidare ville skulestyret sjå om Rasdal kunne "bli eigen krins og varande verta det". 

Etter at skulen vart teken oppatt i 1948 fekk krinsen leiga hus hjå Anders O. Rasdal, Bergen. Husleiga vart sett til kr. 15,- pr. veke for stova, kjøk, eit rom ovanpå og vedhus. Denne leiga vart auka med kr.5,- seinare. 

I mars 1951 vart det på nytt sendt skriv til skulestyret om eige hus. Dette vart svara på i november same år, og skulestyret sa seg då samd i at det vart bygt skulehus i Rasdalen. Likeeins at saka hadde vore oppe to gonger i heradstyret, der det var fleirtal for nybygg. Krinsen vart oppmoda om å finne høveleg tomt til hus og leikeplass. 

På krinsmøte i november same år var det semje om at huset skulle reisast i Botnen mellom gardane i Øvre og Nedre Rasdal. Dette stykket vart gjeve gratis av Jakob Rasdal. 

I mai 1952 var det synfaring av skuledirektør, fylkesskulestyreformann og formann i helserådet, der dei skulle finne tomt for skulen i Rasdal. Dei meinte høveleg tomt ville vera på Anders. O. Rasdal sin eigedom og gjekk inn for denne. Denne tomta ville koma på kr. 1, pr.m2 etter krav frå eigaren. Etter vedtak i skulestyre vart denne tomta føretrekt. Samla kostnadsoverslag lydde på kr. 60 000,-. Byggearbeidet kom i gang i 1953 og i 1954 kunne huset takast i bruk. Det vart invigd av skuledirektør Hodnesdal i 1959.

Skulen vart nedlagd i 1961.

TIL TOPPEN

 

 

 
foto nyheter rasdalen grendalaget hjem