Voss Skyttarlag er tildelt Landsskyttarstemnet i 2012. Dette vart avgjort på Skyttartinget i Førde i dag. Voss vann avrøystinga mot Ulven med 31 mot 26 røyster.No er det berre å ta fatt, seier Jostein Bjærke, som var Voss Skyttarlag sin utsending til skyttartinget og som elles er prosjektleiar for LS 2012.
Felthurtigskyting, stangskyting og stupar vert avvikla i Rasdalen, ovanfor Bolstadøyri. Minst 200 skyttare er venta i desse greinane. Det vert også overnatting i Rasdalen dei fem dagana stemnet pågår. Me gler oss seier ein representant fra Rasdalen grendalag.





